|
One of those days | | | | | G14: Trio1-Trott2 0-2. Smågutane gjorde ein god andreomgang mot Trott og trykka etter kvart veldig på mot bortemålet, men ballen ville rett og slett ikkje i mål. | | | Litt tam førsteomgang der vi ofte brukar litt for mange touch offensivt i staden for å la ballen gå. Defensivt har vi noko lunde god kontroll, utanom at vi brukar litt for lang tid på å vera uoppmerksame på daudballar og stopp i spelet. Det gav oss også eit baklengs, der vi skulle rygga lenger tidlegare og unngått ein ball i bakrom.
| | |  | | Flott kamp av Ole Martin, som også skapte godt trøkk framover då han vart flytta opp på midtbanen. |
Bortelaget startar med kjapt å gå opp i 0-2, men etter kvart kjem vi meir og meir inn i det og blir meir besluttsame i både duellar og angrepsspel. Og då skapar vi mykje, Benjamin drog seg fri på venstre og slo hardt inn. Synd at Anders hadde klipt tåneglane i dag, elles hadde det vore scoring. Så hamrar Ole Martin ein ball i stolpen og ikkje lenge etter har han eit nytt raid med skot, som keeper reddar meisterleg på. Etter ein corner var det reinaste kanonaden i feltet og kaos var det også då Benjamin dribla seg innover og det vart det reinaste møljespelet inne i femmeteren. Men ballen ville ikkje i mål. Det ville den rett nok då Samson kom inn på bakre stolpe og møtte eit innlegg, men vi vart hårfint blese av for offside av kampens stødige dommar, Preben Heimvik.
| | | Dermed ebba kampen ut med 0-2. Nye sjansar kjem tett, Trio2 skal til Stord på fredag og Trio1 til Fitjar på søndag. Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio1-Trott2 0-2 (0-1) 0-1 (14 minutt) 0-2 (37 minutt)
| | | Tilskodarar: 17 Dommar: Preben Heimvik Ingen kort.
| | | Trio sitt lag: Vegar Teigen, Jonas Teigen, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Vegard Fausk, Simen Hellevik Lie, Espen Aakre Sjo, Benjamin Skarveland, Samson Nyrud Uppheim, Anders Solheim Dyrhaug, Robin Steinsletten.
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |