Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fortent siger i toppkampen

Klikk på bilete for full storleik
 
J16: Trio-Nord 2-0. Jentelaget tok onsdag kveld i mot Nord til toppkamp i 1. div Rogaland. Begge lag stod med 6-0-1 og 18 poeng før dagens oppgjør. Vi hadde dårlige minner frå oppgjera mot Nord i fjor, då vi skusla bort ein 3-0 ledelse siste 20 min i heimekampen og tapte fortent 1-3 i bortekampen. Det var med andre ord eit lag jentene hadde fryktelig lyst til å slå. Og seier vart det etter ein godt gjennomført kamp av heile laget.
 

15 jenter disponible, men fleire var reduserte med ymse plager og nylig sjukdom, så vi fekk god bruk for alle i hop. Vi tar tak i kampen umiddelbart og styrer spelet. June er særs aktiv på høgrekanten, men gjer tidlig beskjed om at ho slit og må bytte. Med Jannicke i ei noko uvant rolle på kant og Vilde nett tilbake etter sjukdom i tillegg til at June sleit, blei det litt lite flyt i vingspelet. Men alle 3 sto på og klarte seg meget godt den tida dei spelte. Spesielt viste yngstejenta Jannicke lite respekt for dei eldre Nordjentene, klinte inni det som var av duellar og kom ofte ut med ball.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mariel var banens beste.

Vi ligg høgt stort sett heile omgongen og det gjer at Nord får eit par sjanser på kontringar i  mot. Desse rydda ei trygg, bestemt og god Lea opp i for laget. Midt i omgongen vartar vi opp med eit mønsterangrep av dei sjeldne. Eit par kombinasjonar på midten blir etterfulgt av ein god overlapp på høgresida. Pasning skrått ut «45» til Susanne som sett skuddet i tverrliggaren. Den hadde definitivt fortent ein bedre skjebne, dagens angrep! Mirka har og ein stor sjanse då ho kjem fri skrått høgre, men skuddet går like utanfor. Vi slit ellers med å bryta ned eit godt Nord forsvar, men vi har eit ennå bedre forsvar i andre enden og då ebbar omgongen ut med 0-0. 

 

Vi er positive i pausen og skryt over jentene for ein god omgong. Om vi ikkje klarer underholda veldig mykje, skal vi huska på at vi spelar mot eit godt lag, det einaste som har slått Bremnes i serien i år. Så lenge vi prøver på dei rette tinga, må vi bare stimulera til å fortsetta å male på så vil uttellinga komma. June melder seg klar igjen etter ein god pause og starter andre omgong som første. Etter 8 minutt får storscoraren frå Odda uttelling då ho treff godt frå skrått hald og ballen går i boge over keeper og i lengste hjørnet. Fortent 1-0 ledelse til Trio! Ikkje lenge etter å ha jubla for scoringa må June melda pass igjen og då er vi enig om at det er for godt denne dagen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Synne.

Nord produserer lite mot eit robust Trio forsvar og det som slepp gjennom ordnar Lea med i stor stil. Vi føler vi blir litt for offensive med 13-14 minutt igjen og legg om til 4-5-1 med Ida som anker for å avlaste Ester og Marie som har lagt ned eit stort arbeid sentralt. Vi får bedre kontroll med dette og 10 minutt før slutt punkterer Ester kampen då ho kjem fri på 16-meteren og bankar inn 2-0 målet hardt til høgre for keeper. Stor jubel og vi føler oss trygge på at i år vil ikkje Nord ta igjen vår ledelse. Vi kontrollerer inn og er nærmare 3-0 enn Nord redusering. 

 

Ein meget bra gjennomført kamp. Mariel spelar ein utrulig bra kamp som høgreback og får tittelen banens beste i dag. Ikkje langt bak kjem Synne. Ho spelte sin femte kamp på 9 dagar (J16 damelag) og gjorde ein svært god figur både som venstreback og midtstoppar. Fortent kvile no Synne :) Ellers kjempejobb av alle sammen, ein god lagseier!

 

God dommar for anledningen var Trios eigen Are Ulseth. Han styrte kampen med myndig hand og fekk med seg det meste etter det vi kunne sjå. I morgen droppar vi trening då 99-jentene skal ha avslutningsfest for ungdomsskulen på 5460. Må dansa mykje då, god alternativ trening. Mandag er vi blitt oppmoda til å droppa trening og, på grunn av muntlig eksamen dagen etter. Då blir det å samle overskudd til neste torsdag og siste vårkamp heima mot Trott!

Kampfakta, Kvednabekkjen

1. div J16, Rogaland: Trio – Nord 2-0 (0-0)

1-0 June (48 min)

2-0 Ester (70 min)

 

Trio sitt lag:

Lea Sofie Dalland, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Ida Bruvik, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Marie Normann, Vilde Teigen, Jannicke K. Røssland, Susanne P. Kabbe, Mirka J. Prieto, Ingvill M. Rusten, Henriette Å. Skarveland, Zumilana Eldi.

 

- Trenar Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart