|
Knepent tap i toppkamp! | | | | | G13: Djerv 1919-Trio 3-2. I går kveld var Trio G13 i Haugesund for å spela toppoppgjer mot Djerv 1919. Dei har ikkje avgitt eitt einaste poeng denne våren, men vi reiste til Haugalandet med ambisjonar om å gjera noko med akkurat det. | | |  | | Brynjar scora sitt første mål for sesongen. |
Og vi starta kampen veldig bra. Vi var tidleg oppe i Djerv-spelarane, vann duellane og fekk spelet vårt til å gå fort i lengderetning. Gutane våre skapa fleire gode sjansar, men ballen ville ikkje i mål. 22 minuttar ut i omgangen fekk Djerv 1919 sin fyrste og einaste mulighet i 1.omgangen. Dei kom i overtal mot forsvaret vårt, og fekk setja inn 1-0 utan at Torstein hadde muligheter til å gjera noko med det. Men gutane jobba knallhardt vidare, og i dei siste 5 minuttane før pause fekk vi løn for strevet. Fyrst var det god jobbing føre målet til Djerv som endeleg gav utteljing. Brynjar fekk frå kort hald knalla inn utlikninga vår. Så gå det berre eit par minuttar til før vi går oppi leiinga. Fleire gode pasningar endar til slutt i beina til Emil, han dreg seg inn føre mål, og på heil volley bankar inn han leiarmålet vårt med venstrefoten. Ei glitrande skoring! Vi går dermed til pause med 2-1 leiing. Etter lagleiar-Larsen sine notatar vann vi sjansestatestikken 13-1 i 1.omgang, og vi er difor både uheldige og litt for lite kalde føre mål. Men alt i alt, årets beste omgang! | | | I andre omgang prøver vi å fortsetja i samme sporet som i 1. Men no blir vi litt for unøyaktige i pasningsspelet vårt, og vi har litt for stor avstand til motspelarane til at vi ofte nok vinn ballen i gunstige posisjonar. Likevel held vi god unna for Djerv. Men 18 minuttar ut i omgangen kjem utlikninga. Vi er litt for lite konsentrerte i markeringane på eit innkast, og Djerv får lurt seg bak forsvaret vårt og skorar åleine mot Torstein. Vi skapar ikkje like mange sjansar som vi gjorde i 1.omgang, men vi er farleg frampå ved eit par anledningar, utan at vi klarar å omsetje sjansane til mål. Spelet bølgjer fram og tilbake når det no nærmar seg slutten, og det ser ut for å gå mot uavgjort. Men 3 minuttar før slutt kjem det tredje Djerv-målet, og sjølv om vi på overtid skapar eit par halvsjansar, må vi denne kvelden reisa heim med tap. | | | Gutane leverte ein strålande kamp! Vi møtte eit Djerv 1919-lag som spelte god fotball, var teknisk gode og som gav oss lite tid med ball. Likevel spelar vi skjorta av deii 1.omgang. Kampen jamnar seg meir ut i andre, og Torstein har blant anna ei glimrande dobbelredning som hindrar eit tidlegare leiarmål for Djerv 1919. Med sjansestatestikken til Larsen i bakhovudet, og anerkjennande kommentarar frå motstandarane ved kampslutt, går vi difor i bussen noko skuffa. Men slik er fotballen av og til. Vi må takla desse kampane og. Det var difor kjekt å høyraat det ikkje tok veldig lang tid før gutane var i godt humør igjen. | | | Dessevar med i dag: Torstein, Sander, Joakim, Isak, Brynjar, Marcus, Magnus V, Daniel, Emil, Ole Tobias og Lars. | | | - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |