Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tilbakesteg mot Trott

Klikk på bilete for full storleik
 
J12: Trott-Trio 7-0. J12 var torsdag ein svipptur til Stord. Etter gradvis framgong både i spel og resultat i alle kampane i vår, vart det eit par steg tilbake mot Trott i Prestegardsskogen.
 

Kanskje det var den lange kamp-pausen som var årsaken, men ein god del ting som har fungert bra siste kampane fekk vi ikkje til i dag mot eit godtspelande Trottlag. Blåtrøyene vant til slutt 7-0 etter 2-0 til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Luwam bestemann offensivt i dag.

Vi kom brukbart i gong og det var ein relativt jevn 1. omgong. Vi hadde ein debutant i mål i dag, Helene V. Eikenes. Ho klarte seg kjempegodt og bidrog til at vi kun var 2 mål bak halvveis. Luwam var svært aktiv framover på banen. Det vi sleit mest med i første omgong var at Trottjentene var litt ivrige i press og entra pressfri sone i det ballen forlot keeper. I det vi mottok ball var dei altfor langt framme. Då blei det litt lite tid for back å spela vidare. Dette blei Trott gjort oppmerksom på i pausen og trenaren var heilt enig, forklarte det med iver :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Sandra bestemann i forsvar i dag.

Vi holder bra følge lenge i 2. omgong og, men det raknar litt på slutten då jentene innser at dei vil tape kampen. Då kom det kjapt 3 mål til og det var lite humør og lite struktur igjen på banen. Hadde det ikkje vore for strålande keeperspel av Madel og kontant forsvarsspel av Sandra, hadde det fort vore tosifra. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Strålande keeperspel av Helene og Madel (bildet).

Noken stikkord om kva som svikta i kampen i dag, som vi må prøva å bedra igjen framover (skadar ikkje om føresette går gjennom dette med si jente og forklarer om ein evner det):

  -  forsvaret låg altfor langt bak når vi var i angrep. Følger vi på resten av laget og ligg i rygg på motspelarar, kan vi stoppe nye angrep lenger oppe i banen og ikkje invitere dei heilt inn til vår målgård :)

  -  press på ballfører, samtidig med sikring og markering. Fleire gonger stupte vi 2-3 spillere på ballfører samtidig mens det ble liggende 2 ledige lenger fremme i banen som ble spilt til

  -  midtbane spring for lite, må hjelpa både forsvar og angrep – det er tøft (og gøy) å spela midtbane :) Då er det bedre å springa masse og ta seg ut og så bytta for å kvila og komma innpå igjen. Trott var ofte i overtall mot oss både i angrep og forsvar, då må dei ha ein midtbane som spring mykje.

  -  lite speleglede på banen i forhold til tidlegare. Vi har snakka om at vi kjem til å få ein del stryk i år, då må vi ikkje deppe når det kjem noken mål i mot.

 

Dette er grunnleggande ting som kan endra eit kampbilde fullstendig. Hadde vi klart disse tinga berre på nivå med slik vi har løyst det i dei seinare kampane vi har spelt, hadde vi maks tapt med 3 mål i dag. Så forskjellen er ikkje all verden. Når det grunnleggande forsvarsspelet sitt, kan vi gradvis vidareutvikle vårt eget spel med ball.

 

Takk til Oddvar som stilte som sjåfør på kort varsel.

Siste kamp før ferien er då heime mot Bremnes på tirsdag. Før det skal J11 ut i nok et lokaloppgjør, denne gong på Heio mot Uskedal mandag.

 

Trio sitt lag:

Helene V. Eikenes, Madel G. Gausvik, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Synne H. Lee, Siren K. Rusten, Ida E. Brix, Luwam Tella, Nadine Morstad.

 

- Mvh Karen Anne & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart