Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God kamp mot sterk motstand

G14: Stord2-Trio2 4-1. Smågutane møtte eit sterkt Stordlag i sommarleg ver på Langelandbanen fredag kveld. Våre gutar gjorde ein god kamp, men måtte bite i kunstgraset mot eit sterkt heimelag.
 

Vi kom godt i gong mot eit lag som var betydeleg større enn oss. Vi har mange ganske små karar på laget og hadde i tillegg med 5 stk 02-modellar, som ikkje akkurat skallar i tverrliggjaren nokon av dei. Vi hang bra med i spelet sjølv om Stord kom til noko fleire sjansar. Og dei gjekk i føring vel ti minutt ut i omgangen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mads var vår bestemann.

2-0 kom midt i omgangen, men vi heva oss bra og løfta spelet godt inn på motstandaren sin halvdel. Siste halvdel av første omgang var vi best. Tarmo hadde to gode frispark, eitt over og eitt som keeper redda, før reduseringa endeleg kom. Då hadde vi etablert spel rundt Stord sin 20-meter og Mads kunne avslutta sjølv, men overlot biffen til han som kan det best. Få er så sterk i avslutningsfasen som Lars, og han smelte til og traff oppunder nettaket frå 18 meters hald. Vakkert, 2-1.

 

Ikkje lenge etter serverte også Mads ein kremstikkar til Sander, som var på raid på høgrekanten. Han styrte ballen kontrollert forbi keeper... men hååårfint utanfor lengste stolpe. Dermed sto det 2-1 midtvegs. Mads var elles vår bestemann i dag, særleg i første omgang hadde han mange viktige bidrag offensivt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo var veldig solid i midtforsvaret.

Andreomgangen vart noko svakare frå vår side. Vi sleit litt meir med fysikken og fekk ein del raske overgangar i mot oss som gav Stord store sjansar. 3-1 kom på ein slik og det vart 4-1 på vår Akilleshæl, corner i mot. Men like fullt eit godt resultat mot eit sterkt og velspelande Stordlag, som var hakket sterkare, større og raskare enn oss.

 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Sander.

Forutan Mads, får Tarmo og Sander dei største plussane i dag, begge mest for særs god defensiv jobbing på sine respektive posisjonar på banen. Ingen grunn til å kvile, Trio 1 har bortekamp på Fitjar søndag, før Trio 2 avsluttar vårsesongen heime mot Solid på tysdag.

Kampfakta frå Langeland kunstgras

G14: Stord2-Trio2 4-1 (2-1)

1-0 (11 minutt)

2-0 (17 minutt)

2-1 (28 minutt) Lars Olderkjær Larsen

3-1 (45 minutt)

4-1 (54 minutt)

 

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Torstein Olderkjær, Samson Nyrud Uppheim, Gaute Thorkildsen, Marcus Nilsen Mathisen, Mads Jørgensen, Daniel R. Sørtveit, Lars Olderkjær Larsen, Sander Dolonen Brækken, Brynjar H. Gjerding, Eirik Kjerpeseth Rusten, Vegard Fausk.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart