Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Jamnt i spel, men klårt tap

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Fitjar-Trio1 5-2. Smågutane gjorde ein veldig god førsteomgang og var totalt sett fullt på høgde med fitjarbuane, som dog var meir effektive framom mål.
 
Klikk på bilete for full storleik
Mathias var vår bestemann i dag.

Fitjar starta kampen med eit visst overtak, men etter 10 minutt byrja vi å få tak på det. Vi kjempa oss inn i kampen og skapte betydeleg meir enn motstandaren. Først ein gedigen dobbeltsjanse etter eit godt angrep der Marcus først fyrte laus frå 10 meter og så Torstein frå knappe fem meter. Begge vart blokkert på strek av tappert forsvarsspel. Ikkje lenge etter fekk Marcus ein ny sjanse då Lars la igjen, men dette skotet gjekk hårfint over. I staden var Fitjar frekke nok til å gå i føring då midtbaneeleganten tredde ballen mellom vår back og stoppar.

 

Vi gav oss ikkje. Fleire flotte angrep vart rulla opp og Lars sendte Sander fri med ei kamuflert pasning av høg klasse. Sander storma åleine mot keeper, som kom ut og vann den duellen. Så kom Sander rundt på kant og la 45 grader til Benjamin, men på ny var keeper god på skotet.

 
Klikk på bilete for full storleik
Lars utlikna.

Det nærma seg pause og vi hadde meir på lager. Benjamin sendte Sander laus på venstrekanten og spelet vart vendt over mot høgre via Lars - og på bakerste stolpe dukka Torstein opp heilt åleine, og hamra ballen over frå 6-7 meters hald. Den største av våre mange store sjansar, men det var altså heilt utgjort! Heilt til godt på overtid. Dommaren la nemleg til over 3 minutt i førsteomgangen og heilt på tampen storma Tarmo opp langs høgrekanten. Innlegget tok Lars kaldt vare på, drog seg fri og styrte ballen kontrollert i hjørnet. 1-1, veldig fortent etter at vi kunne notere 6-2 i sjansar til oss før pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp mot gamle lagkameratar av Magnus.

Andreomgangen vart også jamn i spel, men då var det Fitjar som hadde dei fleste og største sjansane, og dei visste også betre å få utteljing. 2-1 kom berre fem minutt ut i omgangen og 3-1 etter 22 minutt. Vi gjorde ein del endringar både i form av å ta større sjansar framover og i å spare Sander og Tarmo litt, då dei har G16-kamp i morgon. Og ikkje overraskande nytta Fitjar høvet til å punktere med to mål til på siste femminuttet. Vi svara dog med kampens flottaste mål. Simen raida framover og spelte ut til Benjamin på venstre kant. Eit klasseinnlegg som Torstein tok vare på med ei kontant avslutning på direkten. Pang i nota og 5-2. Men då var kampen også slutt.

 

No avsluttar vi vårens seriekampar med heimekamp for Trio 2 mot Solid på tysdag. Litt omsnuing på laga på tampen så her klarar vi oss utan G13-gutar, som har kamp sjølve dagen etter. Men sjølv om dette blir siste kamp, satsar vi på å trene sommaren gjennom, før Ål Cup ventar i august.

Kampfakta frå Fitjar kunstgras

G14: Fitjar-Trio1 5-2 (1-1)

1-0 (17 minutt)

1-1 (35 minutt) Lars Olderkjær Larsen

2-1 (40 minutt)

3-1 (57 minutt)

4-1 (66 minutt)

5-1 (69 minutt)

5-2 (71 minutt) Torstein Olderkjær

 

Trio sitt lag:

Tormod Sund Vårdal, Magnus Vik, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars, Marcus Nilsen Mathisen, Benjamin Skarveland, Torstein Olderkjær, Lars Olderkjær Larsen, Sander Dolonen Brækken, Yonas Debesay, Simen Hellevik Lie.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart