|
Fortent siger i våravslutninga | | | | | G16: Odda2-Trio/Halsnøy2 0-2. Ein oppglødd trenar Odd Henning Saghaug melder om ein solid kamp i Odda og ein fortent siger til Trio/Halsnøy-gutane. Eitt mål i kvar omgang og botnsolid forsvarsspel sikra tre poeng. | | | Det var ein ganske jamn første omgang, men våre var hakket farlegare framover. Gutane var meir aggresive enn i dei siste kampane og vann mange duellar. Patrick var frampå med eit skot i tverrliggjaren etter kvarteret. Han gjorde ein sterk kamp på midten og var banens beste. | | | Kommunikasjonen var også betre i dag og det var ein god og positiv tone. Mål vart det til slutt også, fint veggspel i forkant og ut til Marcus på kant. Hans flotte innlegg tok Sander D vare på framom mål og det sto 0-1 favør Trio/Halsnøy. Det sto seg til pause. God kontroll bak med raske Mikal og Sander i midtforsvaret.
Laget var enig i pausen om å heve presisjonen i 2.omgang. Det lukkast ein også med, og Trio/Halsnløy har presset og skapar mange gode sjansar. Litt meir tenning heilt framme, så hadde det blitt fleire mål. Sindre var god på kanten etter pause, men det var på eit langt frispark i bakrom frå Mikal at det vart mål. Nikolai kom i bakrom og lobba elegant over keeper. Trio/Halsnøy vann dei fleste duellane og andreballane og Odda kom berre til nokre få gjennomspel, som stopparane våre stort sett sprang opp. Vebjørn hadde eit par fine redningar, men elles ein roleg dag. Dermed endar Trio/Halsnøy på andreplass på tabellen, bakom Rosendal. Då bør det vera duka for å gje naboane god kamp om avdelingssigeren til hausten.
| | | God støtte frå tribuna også i dag. Her hadde ein verkeleg toppa laget og med trioen Anita/Herdis/Hildegunn kom Odda alldeles til kort :) Kampfakta frå Tyssedal kunstgrasG16: Odda2-Trio/Halsnøy2 0-2 (0-1) 0-1 Sander Dolonen Brækken 0-2 Nikolai B. Mayer | | | Trio/Halsnøy sitt lag: Vebjørn Røssland, Rasmus Eik Sjo, Sander Eik Vevik, Mikal Øvstebø, Oliver Lygresten, Håvard Vågen, Marcus Størksen, Tarmo Tars, Nikolai B. Mayer, Sander Dolonen Brækken, Sindre Benjaminson, Ole Martin Byrknes.
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |