Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God kamp på Heio

Klikk på bilete for full storleik
 
J11: Uskedal-Trio 2-0. Mandag kveld var det duka for oppgjer mellom Uskedal og Trio sine jenter i 11-års klassen på ein flott grasbane på Heio i glimrande spelever. Jentene på begge lag var i spelehumør og leverte ein spennande og god kamp som ikkje vart avgjort før i siste minuttane.
 

Vi hadde 2 oppgaver på kampen i dag: Igongsetting bakfra og skyving av lag når vi var på Uskedal sin halvdel. Dette fungerte til tider veldig bra og spesielt gledelig var det å sjå når vi stod opp på midten med forsvaret, brøyt framspel frå Uskedal og kunne angripa igjen. Slik skal vi spela forsvar framover, jenter :)

 

Uskedal viste umiddelbart at dei var eit godt lag og at det ville verta nok å henga fingrane i for laget vårt. Victoria vokta målet i første omgang i dag og klarte seg veldig bra. Heimelaget trykte oss bakover mesteparten av omgangen, men vi kom litt meir med utover i omgongen. Midtveis får dei fortent utteling og Uskedal leiar 1-0 til pause. Det kunne fort vore meir etter spel og sjanser.

 

Andre omgang er langt jevnare spelemessig, men fortsatt med Uskedal som det førande laget. Det er likevel ikkje mykje som skiller oss frå utlikning ved mange tilfeller, og forsvaret og Jenny ryddar opp i stor stil bakover. Jenny med fleire super redningar. Med kun nokre minutt igjen må vi gjera våre siste bytter og kan ikkje vente. Tar då ut midtstoppar Ingeborg med kast i mot på egen halvdel og erstattar rekk ikkje inn før ballen ligg i mål. Det målet er kun trenaren sin feil, men vi kan trøsta oss med at det byttet ikkje hadde blitt gjort der og då om resultatet hadde spelt stor rolle. Dermed 2-0 seier til flinke Uskedal jenter som seinast forrige helg vann pulja si i Bø Cup og som etter kampen sa at dette var beste kampen dei hadde spela i år. Ingenting er som når det er 2 fornøgde lag som går av banen etter kampslutt.

 

Flott mottagelse i Uskedal og (som i Rosendal), med fruktservering til jentene i pausen. Kjekt å vera på kamp med ei slik ramme som i dag :)

 

Då er det slutt på kampane for J11 før sommaren. Vi har vunne 3 kampar og tapt 2. Viktigare enn det er at vi er blitt mykje flinkare å spela fotball heile gjengen og har hatt det veldig kjekt desse 2-3 månadane vi har vore eit lag. Eit godt fundament for vidare utvikling er på plass.

 

Vi rundar av vårsesongen med trening og avslutning onsdag.

 

Laget til Trio J11:

Jenny H. Lie, Ingeborg S. Hagan, Rim  Sami, Victoria Joleik, Margrete N. Hillestad, Aurora N. Mathisen, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Synna H. Gjerding, Ragnhild Hauge, June S. Hammer.

 

- Frøydis, Bjørn & Per Einar

 
Klikk på bilete for full storleik
Foto: Frøydis Nilsen Mathisen.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart