Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Teke på tempoet

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Trio2-Solid 0-4. Hurtigtoga frå Sagvågen vart ei munnfull for mykje for smågutane tysdag kveld. Dei har særleg to raske angriparar, som vi ikkje klarte å stoppe i dag.
 

Vi var klare over styrkene til Solid og prøvde å mønstre raske karar på backen. Men raskaste vingen deira sprang like raskt med ball som vår raskaste utan. Då skal det godt gjerast å stoppe han. Særleg når største problemet vårt var at vi ikkje klarte å hindre midtbanespelarane i å forsyne hurtigtoga med ballar i bakrom.

 

Det sto 0-3 til pause etter at vi hadde levert ein litt for passiv førsteomgang med mykje slurv og balltap. Vi var enige om å heve nivået etter pausen og det klarte vi også. Då var vi på høgde med Solid, sjølv om dei nemnte angriparane også då kom til ei handfull sjansar. Men det vart med den eine tidlege scoringa deira.

 

Utover i andre omgang fekk vi til stadig meir offensivt spel og let ballen til tider gå fint i laget. Nokre store sjansar vart det også, men ikkje nok til å få ballen i nota. Dermed sto det 0-4 då kampens stødige dommar, Marcus Størksen frå Halsnøy, blas av kampen.

 

Dette var siste vårkampen. No gjeld det å trene godt fram mot Ål Cup på tampen av sommarferien. Vi satsar på å ha treninga heile sommaren gjennom, så sant ein av trenarane er heime.

 

Trio sitt lag:
Vegar Teigen, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Benjamin Skarveland, Eirik Kjerpeseth Rusten, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk, Robin Steinsletten, Anders Solheim Dyrhaug, Marcus Nilsen Mathisen.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart