|
Kjempeopptur før ferien! | | | | | J12: Trio-Bremnes 1-1. Det var «back to basic» og taktikktavla for J12 før kampen mot Bremnes på Kvednabekkjen tirsdag kveld. Basis forsvar skulle terpast på etter prestasjonen mot Trott sist. Og du verden som det virka! Tapsrekka vart brutt og viktigast av alt - prestasjonen var meget bra i den fartsfylte kampen som til slutt enda 1-1. | | |  | | Oliwia får bestemannspremien i dag. |
Vi kunne ensa det med ein gong frå sidelinja at det var ein heilt annan giv i laget i dag enn sist mot Trott. Vi er aggressive og stressar Bremnes i bakre ledd og kjem nesten til store muligheter tidlig. Denne innsatsen og aggressiviteten, kombinert med at vi løyser dei 2 oppgåvene vi har defensivt/forsvarsmessig (igangsetting og skyving av forsvarsledd til midten når vi angrip), gjer at vi plutselig er fullt på høgde med Bremnes. Og etter 10 minutt har vi fått såpass med påfyll av sjølvtillit fra gode prestasjoner at vi likegodt tar ledelsen 1-0. Flott prestasjon av Oliwia som står etter og er med fram frå midtforsvar. Driv gjennom forsvaret og sett ballen til sides for Bremnes-målvakta og stor jubel i Trio leiren. Etter 0-7 mot Trott for 5 dagar sidan var dette virkelig ei vitamininnsprøyting for jentene. At vi får eit og anna gjennomløp når vi står høgt må vi rekna med. Spesielt når vi ikkje ennå er komne til «sideøvelsar» som press på ballførar, falle av, etc. Bremnes kjem åleine med Helene 5 minutt før pause på eit slikt gjennomløp og Bremnes får ei fortent utligning til pause.
| | |  | | Synna vant det meste av duellar mot store Bremnesjenter. |
Vi fryktar i pausen og starten av 2. omgang at stimen skal gå litt ut av jentene etter at dei har lagt ned meir arbeid på ein omgang i dag enn i heile kampen sist. Men det var heilt ubegrunna. Dei aukar bare på i innsats og aggressivitet, anført av særs opplagte Oliwia og Synna for anledningen. Begge 2 hadde nok over 90% vunne tacklingar i dag. Dette smittar som kjent over på lagvenninnene og alle sto på som løver for ikkje å miste det gode resultatet dei hadde fortent til pause. I tillegg hadde Madel ein svært god dag på jobben på høgreback. Mari tok keeperdrakten i andre omgang og holdt buret reintJ. Vi er ikkje underlegen Bremnes i andre omgang og kunne like godt vunne til slutt som dei. Derfor fortent uavgjort resultat og svært glade Trio jenter kunne feira sitt «første poeng» som lag (ikkje tabell før neste år).
| | |  | | Madel svært god kamp på høgre back. |
Nokon kampar til no der vi blir trygge på måten å forsvara oss på og posisjonera oss, så kan vi begynna å utvikla spel med ball i større grad. Då kan dette bli verkeleg bra :) ' Jonas Teigen tok dommarjobben i dag og vi merka lite til han. Då har han gjort ein god jobb :) ' Onsdag tar vi trening som vanlig fra kl 1700. Vi prøver å få til internkamp J11 mot J12 om det er plass på banen og avsluttar med litt is-spising (trur eg).
| | | Trio sitt lag: Helene V. Eikenes, Madel G. Gausvik, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Siren K. Rusten, Ida E. Brix, Luwam Tella, Nadine Morstad, Mari B. Helvik.
| | | - Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |