|
Suveren siger i siste vårkamp | | | | | G13: Trio-Vard Haugesund3 5-0. I kveld tok smågutane imot Vard3 til vårens siste heimekamp på Kvednabekkjen. Vard3 er eit lag som er satt saman av gutar som er fødd i 2003, altså gutar som er eitt år yngre enn våre gutar. Vi forventa likevel ingen enkel kamp, då dette laget har klart seg bra mot dei andre laga i pulja vår. | | |  | | 1-0: Ole-Tobias. |
Gutane virka litt daffe og uinspirerte før dei gjekk på banen, men der tok vi gamle grundige feil. Dei hadde ingen planar om å ta lett på kampen og køyrde på frå start. Vard-gutane fekk aldri sjans til å komma i gong med spelet sitt på grunn av aggressive Trio-gutar. 18 minuttar ut i omgangen kom det fyrste målet. Vi hadde allereie skapt nokre gode sjansar, men på eit hjørnespark skulle det lykkast. Sjeldan vare frå oss, men kjekt at ein treff på slike og. Det var Mads som slo ballen inn til Ole Tobias, som sikkert nikka ballen ned i hjørna. | | |  | | 2-0: Martin. |
Omtrent 10 minuttar etter var det Martin sin tur. Etter glitrande spel som enda med ein vegg med Ole Tobias, lurte Martin seg fri og sette inn 2-0. Fyrste omgang baud ikkje på fleire mål, og vi gjekk til pause med ei to-målsleiing. ' Sjølv om Vard-gutane aldri var nær noko redusering eller utlikning, såg vi at dette var gutar som kunne spela fotball. Dei var veldig gode tekniske og raske i beina. Vi snakka difor i pausen om at vi måtte fortsette med aggressiviteten, og sjølve prøva å få ballen til å gå raskare langs bakken. | | |  | | 3-0 og 4-0: Mads. |
Sjølv om vi kom litt bakpå, og Vard-gutane var på eit par sjeldne visittar framfor målet vårt, så var det vi som auka leiinga vår. Denne gongen på ei kontring, der Mads fekk ballen på kanten, lurte av ein forsvarar og lobba ballen elegant over målvakta og i mål. Vi jobba vidare, og aggressiviteten var god. Vard klarte ikkje skapa noko. Vi var fleire gonger frampå, men vart for litt for unøyaktige med siste pasningen. Likevel fekk vi nok eit mål frå hjørnespark. Og denne gongen var det Mads som slo inn, og ballen traff ein uheldig forsvarsspelar og gjekk i mål. | | |  | | 5-0: Daniel. |
4 minuttar før slutt sette Daniel inn det siste målet for kvelden. Etter iherdig jobbing heile kampen gjennom, kom han denne gongen på eit strålande løp i midten, og sette ballen sikkert i mål. ' Vi har dei par siste kampane måtte endra litt på lagoppstillinga vår. Gutar har fått prøva seg i posisjonar dei ikkje er van med, og andre gutar har fått prøva seg for fyrste gong. Alle gjer ein flott jobb, og viser god innsats. I dag har vi lyst til å skryte litt ekstra av Lars Olderkjær Larsen. Normalt ein angripar som har sett inn fleire mål for oss i år, men i kveld midtstopper! Lars løyse denne oppgåva på ein strålande måte. Flink til å posisjonere seg, taklingssterk, god med ballen og flink til å setja spelet i gong frå bak i banen. Bravo Lars! Som ein ser av resultatet så var det ingen av dei andre som gjorde seg vekk heller, så bravo til resten av gutane og! | | |  | | Midtstoppar(!) Lars. |
Desse var med i kveld: Torstein, Sander, Lars, Isak, Mads, Daniel, Ole Tobias, Martin, Magnus T, Alen og Brynjar. ' - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |