|
Tabelltopp i sommarferien | | J16: Trio-Trott 6-0. Det var tett med forfall i forkant av jentelaget sin siste kamp for vårsesongen og ved kampstart var vi 12 jenter. Jentene tok ansvar og spelte ein god kamp i 3/4 av kampen, med innlagt «kvileskjer» siste halvdel av første omgang. Det var nok til 6-0 seier og tabelltopp i ferien med 52-1 i målforskjell. | | |  | | Banens gigant i dag: Ester |
Jentene tok styringa frå start og var flinke og spela ball langs bakken. Gradvis fekk vi flytta spelet nærmare Trott målet og Vilde var usedvanlig nær scoring tidlig, men skuddet frå skrått hald vart redda på streken av Trott. Ikkje lenge etter tar Ester ansvar og kombinerer fint med Mirka sentralt i banen føre Trott sin 16- meter. Eit kjapt veggspel og vips er Ester gjennom og sett ballen kontrollert til sides for keeper. Bare 5 min etter er Vilde på rett plass føre mål og sett 2-0 kontant i nettet frå kort hald. Minuttet etter får vi ein kopi av første målet, veggspel er effektivt som alltid, 3-0. Så følger 20 minutt som ikkje var all verden å skrive om. Etter 3-0 halvveis i omgangen føler vi nok at jobben er gjort og er litt slitne. Vi slepp oss litt ned i alle faser og plutselig er Trott fullt på høgde og vel så det. Lea som kun har slåst med mygg første 20 minutta, får plutselig heilt andre utfordringar. Ein smell i tverrliggar og ein like utanfor i denne perioden, der Trott hadde fortent redusering. Vi er heldige som går til pause uten baklengs.
| | |  | | 2 mål på Scooter-Teigen. |
Jentene tar tak i andre omgang og leverer ein mykje jevnare omgang og Trott skapar ingenting. Ester kopierer måla frå første omgang 2 gonger til. Dei 4 måla er utrulig nok nesten identiske og ho hadde ein til som keeper redda som og kom på samme vis med veggspel sentralt i banen. Ros til Mirka for å vera med på desse veggspela når Ester inviterer til dans. Marie gjorde mykje grovjobb sentralt og dette gjer at Ester får muligheten til å komma i scoringsposisjon ofte. Det mangla litt på pasningspresisjon for Marie innimellom i dag, men innsats og vilje skorta det ikkje på (lagte 75% av frisparka imot :) Ester sine mål etter veggspel varmar eit fotballhjerte, men siste målet var nok dagens finaste angrep. June blir spelt fri på høgrekanten og fossar til dødlinja. Ho ser opp og ser Mirka «45» føre mål. Mirka prøver hælflikk i lengste hjørnet, men ballen treff dessverre stolpen. Returen er Vilde våken på og bankar den oppi nettaket. Det blir siste for dagen og 6-0 i sluttresultat.
| | |  | | Dagens tøffaste Triojente: Marie. |
Ester er banens gigant i dag med 4 flotte mål og ellers store bidrag både framover og bakover. Meget bra kamp Ester! Kjekt å sjå Vilde finna scoringsform igjen. Ellers skil Ida seg litt ut i forsvarsrekka i dag, god kamp av den blide midtstopparen. ' Vi hadde marginane litt med oss i dag for å holda nullen, men jentene har då i vår spelt 720 minuttar, eller 12 timar, utan å sleppa inn spelemål (eit baklengs på corner). Då er det ikkje heilt tilfeldig at Trott sjansane ikkje går inn og det grunnleggande defensive arbeidet sitt bra då, kan du sei :)
| | | Vel blåst jenter, då tar vi litt ferie for så å ta ei oppkjøring til Norway Cup, årets høgdepunkt. Då får vi Synne B med oss igjen og det gler vi oss til :) Kampfakta, Kvednabekkjen1. div J16, Rogaland: Trio – Trott 6-0 (3-0) 1-0 Ester (13 min) 2-0 Vilde (18 min) 3-0 Ester (19 min) 4-0 Ester (52 min) 5-0 Ester (61 min) 6-0 Vilde (76 min)
| | | Dommar: Per Martin Furevik, Stord (god)
| | | Trio sitt lag: Lea Sofie Dalland, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Ida Bruvik, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Marie Normann, Vilde Teigen, Jannicke K. Røssland, Susanne P. Kabbe, Mirka J. Prieto.
| | | - Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |