
Martin jobba hardt gjennom heile kampen og fekk til slutt belønning heilt på tampen då han satte inn vinnarmålet

Ronny har bomma mykje i år men i dag satte han endelig inn eit mål med hovudet.

Endre viste ro med ballen i dag og strødde ballane som ein ballsentral bør gjera.

Haga vant mykje på midten i dag og gjorde ein viktig jobb defansivt.

Andreas hadde 2 viktige redningar i første omgang og holdt oss inne i kampen i ein periode. God kamp av kverulanten.

Kjell Magnar var svært nøgd med laget sitt i dag og delte ut mange klemmar etter kampen.

Sander irriterte vettet av motstandaren med sine lange innkast.
Lagoppstilling
Andreas Eide
Vemund Grønstøl, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Eivind T. Saghaug
Sander S. Lillesletten, Endre Eide, Håvard Haga, Andreas Thorkildsen
Allkan Abdulla
Martin Veastad
Reserva
Vegard Johnsen, Olav Myklebust og Aleksander B. Ekeland
Nordre Fjell - Trio 1-2 (0-0)
60 min. 1-0
65 min. 1-1 Ronny Hamre
88 min. 1-2 Martin Veastad
Også i dag mangla me ein del spelera: Futsum (3 gule), Roger Røssland (skada), Andreas Charter Røryvik (operasjon), Aleksander Ekeland (sjuk), Mats B. Ekeland (jobb).
Første omgang var jevnspelt. Begge lag hadde sine muligheter men klarte ikkje å få ballen i mål. Nordre Fjell hadde eit tydeleg mål for spelet deira og me gjorde raskt små justeringa for å demma opp for det. Andreas Eide var endeleg påskrudd i dag og hadde 2 viktige involveringa då spissen deira kom aleina med han.
I andre ende var Trio farlige på dødball. Sander sine innkast kan nesten reknast som cornera for det var nokon prosjektil av nokon innkast han fyrte fra seg. Ronny var frampå litt men fekk ikkje nok kraft i headingane til å setta keeperen deira på prøve.
Den største sjansen til Trio var det Henrik som stod for. Ein corner fra Eivind blei slått ut på 12 meter. Ballen unngjekk så vidt ein duell før han havna på høgrefoten til Henrik. Han brente av og ballen smalt i tverrliggaren før den landa på streken. Haga var raskt oppe med å sei at 'DEN VAR INNE', men dommaren trudde han ikkje.
Allkan og Martin hadde også nokre småforsøk som keeper og dermed enda første omgang med 0-0.
I pausen var me nøgde med det me hadde gjort utpå der. Innsatsen var god og folk var skikkelig påskrudd. Me måtte vera meir tollmodige på innkasta til Sander og stilla skikkelig opp i feltet. Måla ville komma dersom me skrudde oss enda eit hakk opp.
Då dommaren blei andre omgang i gang så satte Nordre Fjell opp turboen. Dei var hissigare på kantane og dobla mykje med overlapp. Men me hadde gode backar og kanta i dag som gjorde at dei ikkje fekk slå innlegg. Men etter ca 55 minutt gjorde Nordre Fjell eit bytte. Inn kom nr. 20 som virka å vera på hugget. Etter 60 minutt fekk han ballen på 16 meter etter at Trio hadde kriga ned på vår høgrekant. Eivind heiv seg foran skuddet men klarte akkurat ikkje å hindra at ballen for inn nede ved stolperota og i målet til Andreas Eide.
No var det Trio som skrudde på turboen. Me løfta laget enda høgare og begynte å stressa dei på topp. Det førte til at dei mista ballen høgt oppe i banen og me fekk mange lange innkast frå Sander. Nordre Fjell blei svært stressa av alle innkasta og det med god grunn. Etter ca 65 minutt kasta Sander hardt inn frå høgre. No hadde han litt hjelp av vinden og ballen skaut fart og traff panna til Ronny. Ballen den for vidare i mål og Trio utlikna fortjent med 25 minutt igjen å spela.
Begge lag virka å vera gira på sigeren. Begge lag var angrepsvillige og spelte til tider fin angrepsfotball. Thorkildsen begynte å visa fram finterepertoaret sitt nede på venstrekanten og Nordre Fjell måtte ta i bruk ulovlege midlar for å stoppa han.
Då det gjenstod 5 minutt av kampen fekk Nordre Fjell corner. Den fekk me klarert og Allkan mottok til slutt ballen på midten. Han kikka opp og såg at Martin kun hadde ein oppassar. Allkan slo ballen i bakrom mot Martin men ballen var for lang. Martin ga allikavel ikkje opp og jaga ein håplaus ball. Forsvararen og keeper klarte ikkje å bestemma seg for kven som skulle ta ballen og det ga Martin muligheten. Han fekk ein fot på ballen og chippa den over keeper. Ballen for i mål og Trio leda no 1-2 med berre nokre minuttar igjen å spela.
Nordre Fjell fekk muligheten heilt på tampen på eit langt innkast. Den rydda vi enkelt opp og dommaren bles av kampen. Trio kunne jubla for 3 fortjente bortepoeng.
I dag var heile laget bra. Spesielt Vemund på høgrebacken gjorde ein nesten prikkfri kamp. Han var på hugget heile kampen og nekta den gode venstresida deira å komma seg fri. No tar A-laget ferie midt på tabellen med 16 poeng. Neste kamp er i før 15.08. God ferie alle!
-Henrik-