|
Klart for TINE Fotballskule | | | | | I morgon brakar det laus med TINE Fotballskule i Husnes idrettspark. I tre fulle dagar til endes. FRAMMØTE ONSDAG FOR DELTAKARANE ER KL 09.30, for utdeling av utstyr og inndeling i grupper. Sjølve fotballskulen varar frå kl 10-14.30 alle dagar. | | | Frammøte onsdag er altså kl 09.30, øvrige dagar held det at ein er på plass kl 10. Det er om lag 120 deltakarar i år, ny rekord med god margin. Desse delast inn i 7 grupper, pluss ei eiga keepergruppe. Alle kan rekne med å kome på gruppe med jamnaldrande, nokon ein kjenner og nokon ein blir kjent med :)
| | | Instruktørar er trenarar i frå Trio, samt A-lagsspelarar og juniorar. I tillegg nokre spelarar frå Vard Haugesund, samt ei god handfull frå gute- og jentelaget vårt som hjelpeinstruktørar.
| | | Kva må ein ha med? Fotballkler, sko og leggskinn. Det er varmt, så ei drikkeflaske er lurt å ha med. Godt humør. Treng mykje av dette.
| | | Kva får ein? - Alle får ein TINE ryggsekk og T-skjorte. (Erfaringsvis er det ikkje alltid desse passar, som regel blir det litt å vekse i...) - Alle får ein ball i frå Trio. - Alle får lunsj midt på dagen. Brødmat. - Til lunsjen får ein også ein sjokomelk (uvisst kva type) frå TINE.
| | | Vel møtt til både spelarar, instruktørar og evt tilskodarar. Berre kjekt om foreldre eller andre kjem og ser på :) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |