|
G13 klare for B-finale! LIVE i morgon | | | | Trio sitt G13 spelte lørdag 2 kampar i Sør Cup i Kristiansand. Det gjorde dei med bravur og sikra finaleplass. NB! Vi satsar på å liveoppdatere finalekampen frå Kristiansand stadion kl 09 søndag morgon. | | | I kvartfinalen var Hånes 1 motstandar. Dei høyrer heime i 1.divisjon på Sørlandet. Gutane leverer sin beste kamp for cupen. Dei styrte kampen frå start og pressa Hånes bakpå kontinuerlig. Uttellinga satt langt inne og først 6-7 min ut i 2.omg tok Trio ledelsen då Ole Tobias kom gjennom og satte ballen sikkert til side for keeper. Dette virka å ha særs god effekt på laget, for 4 minutt seinare står det 3-0 etter 2 typiske spiss-scoringar av Marcus. Brynjar fastset sluttresultatet til 4-0 etter å ha blitt flott spela fri av Daniel frå høgresida. Ein flott prestasjon av heile laget med ein haug med fine angrep og høgt ball tempo i angrepsspelet. | | | Semifinalen gjekk kun 2 timar etter kvartfinalen var over. Våg 1 var motstandar, også eit lokalt 1. Div lag. Vi dominerer fra starten av og Lars sett kontrollert inn 1-0 etter knappe 5 min. Eit langt utspel frå keeper til Våg kort tid etter overrumplar Triolaget og spissen spring gjennom og utliknar åleine med Torstein. Det står seg 1-1 til pause, særs flatterande for laget frå Sørlandet. | | | Mats har vore svært aktiv på høgre kanten i kampane. Endelig fekk han uttelling for sin iherdige innsats og sett inn 2-1 til Trio etter frispeling frå banens beste i semifinalen, Trio kaptein Daniel Normann. Det manglar ikkje på sjansar til å auke leiinga, men fleire mål blei det ikkje og gutane kunne jubla over finaleplass på gamle og ærverdige Kristiansand Stadion søndag kl 09.00 mot Nordre Holsnøy, som slo Bremnes i sin semifinale lørdag. Lykke til gutar! | | | - Kjell og Per Einar
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |