Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

B-finalen LIVE

Klikk på bilete for full storleik
 
Trio G13 spelar finale i B-sluttspelet i Sør Cup mot Nordre Holsnøy kl 09 i dag. Vi følgjer kampen direkte og oppdaterer både her og på fjesboka. Kampen er slutt: Trio-Nordre Holsnøy 3-1. Vi gratulerer til gutane!
 

Gutane virkar fokuserte og klare og stiller med: Torstein Olderkjær - Sander Simensen, Brynjar H. Gjerding, Isak Mo - Mats Jørgensen, Daniel Normann, Ole-Tobias Brendeland, Martin H. Arnesen - Lars Olderkjær Larsen.


Marcus Nilsen Mathisen er einaste innbyttar, sidan Joakim Heimvik er ute med skade.

 

Kampstart er like om hjørnet. Ei lita forseinking då ein held på med straffekonk for å avgjere kampen før på same bane. Og banen er altså Kristiansand stadion kunstgras, som for anledninga er bada i morgonsol.

 

Nordre Holsnøy er frå Nordhordland og to av laga deira skal vera med på Husnes Cup i august. Men ikkje desse gutane, som jo er 13 år og hakket for gamle til det. Dei har i vår hamna på 3.plass i 2.divisjon G13 i ei Hordalandspulje, medan våre vart nr 2 i 1.divisjon i Rogaland. Trio får difor eit klårt favorittstempel, sjølv om Nordhordland slo ut eitt av Bremnes sine sterke lag på straffekonk i semifinalen.

 

No er det handhelsing og klart for avspark.

 

Det er spelt 10 minutt, litt stillingskrig i starten. Men eit visst Trio-overtak, og det byrjar å bli større no som gutane får i gang det raske pasningsspelet sitt. Mats hadde nettopp eit hardt stolpeskot frå skrått høgre. Blir snart mål :)

 

0-1 mot spelets gong. Nordre Holsnøy på ein sjeldan visitt og ein gut får drøymetreff på heil volley! Venteleg ein mann for dei store anledningar :)

 

Pause, 0-1. Dette snur vi, karar! :)

 
Utlikning ved Lars.

På Nordre Holsnøy si nettside står det forresten at to av G13-gutane deira har fått trene med 14-årslaget til Brann i vinter.

MÅL! 1-1 ved målsniken Lars. Ca 3 minutt ut i andre omgang tek Trio ein kort corner. Hardt innlegg og der dukkar Lars opp. Tap-in frå kort hald. Sett det før :)

 
2 kjappe mål av Daniel.

MÅL! 2-1 Daniel. Strålande forarbeid på venstre av Ole-Tobias, og inn til Daniel, som hamrar den opp i nettaket.

'

MÅL! 3-1. Direkte frå frispark, nok ein gong ved Daniel. Kapteinen står fram og punkterer kampen.

'

Nordre Holsnøy var elles framme på ein stor sjanse rett før 2-1-scoringa, så kampen sto og vippa. Men no skal det nok mykje til for at dei skal kome attende.

 

Mats med eit skot i stolpen. Ingen fleire sjansar til Nordre Holsnøy.

 
SLUTT, 3-1 til Trio. Vi gratulerer gutane med siger i B-sluttspelet. Får vel ein fin pokal, grei oppreising den sure kampen som gjorde at A-sluttspelet rauk. Flott innsats av Trio G13!
 
Klikk på bilete for full storleik
Jublande gutar løftar pokalen.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart