Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Norway Cup

Norway Cup er eitt av sommarens høgdepunkt og Trio er i år representert med 4 lag. Her på nettsida blir motstandarane til laga presentert fram mot turneringsstart komande helg. Og vi satsar på liveoppdatering på Facebooksida vår, frå alle kampar der våre lag er involvert.
 

Som nemnt har vi 4 lag med, men berre eitt er i rein Trioregi, og det er J16. Dei stiller i klasse R, 11arfotball. Juniorlaget, Trio/Rosendal/Halsnøy G19 er i serien administrativt styrt av Trio, men på Norway Cup er det Rosendal som har dette. Ergo må ein søke på Rosendal på Norway Cup sine nettsider eller app, om ein vil finne resultater undervegs.

 

Likeså er G16-laga Trio/Halsnøy i serien administrert av Trio, men under Norway Cup i regi av Halsnøy. Her deltek vi med to 7arlag, då vi har 20 spelarar som skal på tur. For oss som er sultefora på fotball er det elles råd å sjå laga i treningskamp i morgon tysdag på Husnes stadion. Då spelar begge lag mot Rosendal sine 2 lag, frå kl 18.

 

Lag og puljer

Som nemnt skal vi kort få presentert laga og motstandarane i innleiande puljer fram mot turneringa startar. Avreise er laurdag og kampane på Ekebergsletta og omegn startar dagen etter. Trio og Halsnøy har felles storbuss som transporterer G16- og J16-laga til klubbane. Juniorlaget vårt reiser med Rosendal sine bussar.

 
Klikk på bilete for full storleik

Liveoppdatering

Vi satsar på å få daglege rapportar til nettsida vår, men undervegs i kampane blir det på Trio si side på Facebook at liveoppdateringa føregår. Søk på IL Trio. Som i fjor har vi fått nokre premiar frå vår hovudsponsor Sparebanken Vest, som vi vil trekke ut blant dei som følgjer oppdateringane (trykk på 'Liker' eller kommenter).

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart