|
Trio/Halsnøy G16 på Norway Cup | | Treningsgruppe 1 på G16 skal delta på Norway Cup i år og med 20 spelarar på blokka blir det to lag i 7arklassen (klasse E). Vi mønstrar i all hovudsak 15-åringar til dyst, så forventningane om å gå til topps er vel relativt begrensa. Her er litt informasjon om laga og motstandarane i gruppespelet. | | |  | | Mikal er einaste NC-debutant i gjengen. |
I klasse E, gutar 16 år 7ar er det om lag 80 lag med. Trio/Halsnøy si G16-gruppe 1 består i all hovudsak av 15-åringar og i så måte var ikkje intensjonen å delta i Norway Cup, som ikkje har 15-årsklasse. Men så var det det som høvte best og med ei gruppe på vel 20 spelarar var det mest gunstig å melde på to 7arlag. Det kan bli eit greit sportsleg tilbod i år, der alle får mykje speletid. Så får 11ardeltakinga vente til neste år. ' Ein tek geografiske omsyn og sørger for at ein ikkje møter lokale motstandarar i gruppespelet, men i sluttspelet kan alt skje og i denne klassen er det godt mogleg vi får oppleve nabooppgjer. I klassen deltek nemleg også mellom anna Rosendal med 2 lag, samt Njardar/Tysnes. | | | | | | Trio/Halsnøy 1Tok seg heilt til kvartfinalen i A-sluttspelet i fjorårets G14-klasse, men venteleg blir det eit hakk tøffare på G16 i år, når einaste som er sisteårs gutespelar er keeper Magnus. I tillegg er kneskadde Erik berre med for at laget skal ta seg godt ut. Laget har hamna i gruppe med 5 lag og då er kampen om A-sluttspel tøff. Og mindre tøff (men desto meir morosam) blir den ikkje når eitt av motstandarlaga er frå Brasil. Kun to av laga går til A-sluttspel. | | |  | | Erik er framleis skada. |
Troppen (9,5 mann): Magnus Eide, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning Solheim, Patrick Solheim Fjelland, Marius Quam, Simen Mehammer, Daniel Normann, Nikolai Mayer, samt saftblandar og maskot Erik Voster Solberg. ' Trio/Halsnøy har 4 motstandarar i pulja, der kun to går vidare til A-sluttspel. Litt om kvar motstandar følgjer lenger nede i denne artikkelen. Kampane: | | | 26.7 09:55 Trio/Halsnøy 1 - Campo Redondo - VE5 (Valle Hovin) 27.7 13:55 Svalbard Turn - Trio/Halsnøy 1 - VE5 (Vallen Hovin) 27.7 19:25 Herd Blå - Trio/Halsnøy 1 - E11 (Ekebergsletta) 28.7 10:50 Trio/Halsnøy 1 - Nordlys - E19 (Ekebergsletta) | | | Trio/Halsnøy 2Imponerte med å også ta seg til A-sluttspel i fjorårets G14-klasse i Norway Cup. Desse karane utgjer hovuddelen av lag 2 i serien i år, som har bydd sterke Rosendal dugeleg kamp om å toppe 3.divisjonsavdelinga. | | | Troppen (10 mann): Vebjørn Røssland, Tobias Tvedten, Ruben Saug, Sander Eik Vevik, Marcus Størksen, Oliver Lygresten, Rasmus Eik Sjo, Sindre Benjaminson, Håvard Vågen, Mikal Øvstebø. | | | Det er tre motstandarar i pulja, litt meir om dei lenger nede. Kampane: 26.7 09:55 Re FK - Trio/Halsnøy 2 - BE4 (Bjølsen) 27.7 10:50 Trio/Halsnøy 2 - Abildsø - E19 (Ekebergsletta) 28.7 17:35 Tromsø IL Blå - Trio/Halsnøy 2 - E11 (Ekebergsletta) MotstandaraneCampo Redondo FC Skikkeleg eksotisk motstand for lag 1 i første kamp. Brasil har stolte tradisjonar i Norway Cup og stiller gjerne med nokre beist av nokre regionslag, som ofte går langt utanpå dei norske motstandarane. Men dette laget er truleg ikkje av ein slik art, for dette er eit lag sett i saman frå ein relativt fattig landsby ved namn Campo Redondo, av ein Oslomann som kjøpte seg feriebustad i landet, og donerte 60 par fotballsko til fattige ungdomar. Han bidrog også til at landsbyen fekk innlagt vatn, og han sponsa Norway Cup-tur på eit heilt lag. I Brasil er det ikkje uvanleg at ungdomar skulkar skulen for å satse på fotballen, men for denne gjengen er det eit krav at dei også prioriterer skulen. Dei deltok for første gong i fjor og kom til 1/8-finale, etter jamne kampar mot lag som Ørskog, Oppdal, Askvoll/Holmedal (kjenner du til desse, Vebjørn?) og Vartdal. | | | Herd blå Sportsklubben Herd er frå Spjelkavik på Sunnmøre og i Norway Cup-samanhang mest kjent for sine bravader på jentesida, der dei har fått med seg pokalar heim. Ein ganske stor klubb med 3 lag i kvar av guteklassane. Førstelaget har i vårsesongen vore best i 1.divisjon på Sunnmøre og mellom anna slått Aalesund 6-0. Andrelaget har plassert seg under midten i 2.divisjon Sunnmøre. Desse vann forresten 2-3 borte mot MSIL i sist kamp (vårt lag 1 slo MSIL G14 6-1 i fjor). Til Norway Cup reiser dei med ei gruppe på 23 spelarar, og har difor meldt på eitt lag i 11ar og eitt i 7ar. Dei ser etter moglegheiter for å styrke seg med å ha med overårige, skriv dei på nettsida. Vil tru det i hovudsak blir på førstelaget, for dei har delt inn med 12 spelarar på førstelaget og 11 på dette 7arlaget. Nettside: http://www.herd.no/ | | | Nordlys Nordlys er slett ingen stor klubb. Dei er frå Karasjok, og har eit A-lag i 4.divisjon Finnmark - og botnar tabellen der. Elles berre eitt G14-lag og eitt G16-lag, som vi altså skal møte her. Dei er 7arlag i 11arserie og ligg på 5.plass av 12 lag i Finnmark avd Vest (ingen divisjonsinndeling i Finnmark). Men sjølv om ikkje klubben er så stor, er kommunen formidabel. Karasjok er landets nest største i utstrekning. Over 80 % av dei 2700 innbyggarane snakkar samisk, og mest kjente karasjoking må vera Mari Boine. Klubben oppdaterer ikkje nettsida si. | | | Svalbard Turn Ja, du trur gjerne at vi har det tøft med lange borteturar til Bergen. Nordlys har det nok verre, men ingenting målar seg med tilhøva for stakkars Svalbard Turn, idrettslaget i Longyearbyen. Der er det ikkje anna motstand å finne enn isbjørn, så dei har ikkje lag i seriespel. Dei har ein idrettshall og det var eit kjærkoment framsteg, for normalt er grusbanen fri for is i medio juni. Klubben er og tilknytta Troms idrettskrets. Nettsidelinken virkar ikkje, og då er det sanneleg ikkje lett å finne info om dette laget. Men jau, eit TV2-innslag frå Norway Cup for 2 år sidan: http://www.tv2.no/v/733915/ | | | Re FK Ein av dei kortaste fotballklubbane i landet, lokalisert i Vestfold. Har som Trio eit A-lag i 4.divisjon, men i tillegg eit hobbylag i 8.divisjon. Elles ingen stor klubb, ingen jentelag (men damelag) eller barnefotball, men to lag i G14, to i G16, samt eit G19-lag. Litt usikker på inndelinga i Vestfold på G16-nivå, men dei hadde eit lag i klasse B i vårsesongen (endte på nedre halvdel), samt eit svakt andrelag i klasse C. Til hausten er det delt i 4 divisjonar og Re har då lag i 2. og 4.divisjon. I Norway Cup stiller dei med eitt 11ar og eitt 7ar, så det er sannsynlegvis rimeleg ordinær motstand vi møter her. På nettsida skriv dei om alle laga: http://kxp.no/portal/theme/organization/main.do?siteId=364 | | | Abildsø Abildsø er den klubben i Norway Cup som kjem aller først i alfabetet (faktisk i heile Noreg med unnatak av Abelvær). Dei er frå Oslo og i høgste grad på heimebane, då banane deira også blir brukt under cupen. Dei spelar faktisk ein av gruppekampane sine der også, men kampen mot Trio/Halsnøy går på (den skråaste banen på) Ekebergsletta. Dei har med 7 lag i Norway Cup og det einaste på G16-nivå er dette 7arlaget. Klubben har eit A-lag på nedre del av 4.divisjon Oslo, samt eit lag i 7.divisjon. Elles er dei ein relativt liten klubb, om lag som Trio. Dei har 3 lag på G14, men berre eitt på G16. Og det laget ligg midt på tabellen i 2.div Oslo. Utprega heimelag, vinn alt heime og taper alt borte, utan at borteoppgjera er meir enn det vi kvinnheringar vil kalle nabooppgjer. Usikker på nivået i divisjonen, for Oslo har vel også interkrets, så dette er vel nivå 3 (som vårt lag). Ein skulle kanskje tru dette var oljerelatert, men det er link til nettsida deira: http://www.abildsoil.no/ Det står ein del om G16-laget der også, så det er berre å lese. Dei virkar å ha eit godt opplegg og stor aktivitet, men 'Våren 2015 tar vi det rolig pga avslutningen på ungdomsskolen.' | | | Tromsø IL blå Nordens Paris er jo velkjent og ein stor klubb med tippeligalag og sjølvsagt raust med lag i aldersbestemt. Tre lag på G16-nivå, men kven og kva av dette som er med her, er det fullstendig uråd å seie. For i Norway Cup stiller dei med eitt 11arlag i klasse B, og heile 3 lag i 7arklassen (klasse E). Dette er altså eitt av dei, dei heiter Rød, Hvit og Blå og då er det vanskeleg å fastslå kven som er best av dei. Men som sagt ein toppklubb som sikkert veit kva dei driv med på dette alderstrinnet. Nettside: http://tromsoil.no/ | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |