|
Trio/Rosendal/Halsnøy G19 på Norway Cup |  | Trio/Rosendal/Halsnøy sesongen 2015. Foto: Rune Grønstøl. |
| | Klasse A, gutar 19 år er den eldste guteklassen i Norway Cup og består av 24 puljer og nær 100 lag. Medan Trio har administrativt ansvar for laget i seriespelet, er det Rosendal som har det i Norway Cup og laget er difor påmeldt som Rosendal/Trio/Halsnøy G19. Som i serien har ingen spelar frå Halsnøy delteke så langt i år. Vi forkortar uansett laget til TRH. Vi har fått ei jamn og tøff pulje. | |  | Simen blir sentral i forsvaret. |
Juniorane gjorde ein god prestasjon i fjorårets Norway Cup, der ein kvalifiserte seg for A-sluttspel og rauk ut i TV-sendt kamp mot komande semifinalist Holmlia. Etter opprykket frå 3.divisjon i serien i fjor haust, har Kvinnheradslaget gjort ein solid sesong i vårens 2.divisjon. Laget hamna midt på tabellen og sikra med det 2.divisjonsspel også til hausten. Trenar for laget er Raymond Olsen og i tillegg er Ragnvald Myklebust og Frank Røssland med rundt laget på Oslo-turen. | | Troppen: Det var i år ein god del som ikkje hadde høve til å vera med. Mot fjorårets 22 mann, reiser vi i år med ein litt spinkel stakk på berre 14 karar. Men to stykker skal slutte seg til laget utover i veka, så vi tenkjer det skal gå greitt. | |  | Saimon er Norway Cup-debutant. |
Desse er med, frå Trio: Mats Ekeland, Saimon Gebreslasie, Warhel Suleman, Simen Røssland, Sander Saghaug Lillesletten, Emanuel Onasaka, Dawit Kahsay, Haben Araya, Martin Veastad, samt to Triogutar som er innlånt frå anna klubb: Lars Bernhard Heggøy (Vard) og Eivind Tufta Saghaug (Odda). Frå Rosendal: Sondre Eskeland, Thomas Brufladt, Ruben Særsten Fjelland. I tillegg den innlånte kvinnheringen Hans Berge (Øystese). | | Kampane: 26.7 18:30 Kurdistan FC - Rosendal/Trio/Halsnøy - F2 (Furuset) 27.7 12:00 Hommelvik IL - Rosendal/Trio/Halsnøy - 15 (Ekeberg) 28.7 20:30 Rosendal/Trio/Halsnøy - Lillestrøm SK - V2 (Valle Hovin) MotstandaraneKurdistan FC (Fjorårsfinalist!) Kurdistan er ikkje sjølvstendig nasjon, men ein del av Irak, og for så vidt Tyrkia og eit par andre land i Midt-Austen, om ein inkluderer områder der det kurdiske folk bur. Det finst om lag 25-30 millionar kurdarar og folkeslaget har i årevis vore undertrykt. Det kurdiske folket har kjempa for sjølvstende i snart 100 år utan å lukkast. Kurdistan har aldri vore ein samla, eigen nasjon, men er no ein autonom region i nordlige Irak (altså delvis sjølvstyrande). Etter opprøret i etterkant av Gulfkrigen i 1991, som Saddam Hussein etter kvart slo tilbake, og etter borgarkrig på slutten av 90-talet, har dei siste 10-12 åra vore relativt fredelege i Kurdistan. Mykje vald og utryggleik i den arabiske delen av Irak, men altså lite i den kurdiske delen. I dei siste åra har dog ISIL rykka fram i Syria, også mot grensa til Kurdistan. Så urolegheitene er ikkje på meir enn armlengdes avstand. I vinter vart elles Halabja utropt til den fjerde provinsen i Kurdistan. | |  | Det blir ein spesiell opningskamp for vår midtstopparbauta Warhel, som opphavleg kjem frå Kurdistan. |
Laget som deltek i Norway Cup ønskjer gjerne å bruke Kurdistan sitt eige flagg, men det får dei visstnok ikkje tillating til. Men sportsleg er dei ikkje gode å stoppe. Det er uråd å finne ut noko om årets lag, men i fjor gjekk altså laget til finalen og framsto veldig solid. To gonger leia dei mot sterke Kampala frå Uganda, men afrikanarane kom att og avgjorde mot slutten. Finalen var ein særs god kamp på G19-nivå og dette blir ei framifrå utfordring for våre gutar. Kampen mot Kurdistan blir opningskampen for TRH G19, som i fjor altså spelte ein TV-sendt kamp i Norway Cup. Det må gjentakast! :) | |  | Kjekt å sjå Lars Bernhard (heimlånt frå Vard) med Triologoen på brystet, snart 3 år sidan sist. Lars er galen nok til å heie på Rosenborg, men ikkje Hommelvik. |
Hommelvik IL Då skal vi til Trøndelag! Hommelvik er 'hovudstaden' i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. Knapt 5000 innbyggjarar i tettstaden Hommelvik, eit par mil aust for Trondheim by. Mest kjente hommelviking er tidlegare statsminister Johan Nygaardsvold og staden er elles kanskje mest kjent for ei av Noregs største togulukker hausten 1940. Middels stor klubb med eit par lag i kvar klasse, A-lag midt på 5.divisjonstabellen og G19-lag på toppen av tabellen i 1.divisjon Trøndelag. 8 sigrar på 9 kampar og 28-9 i mål, solid! (I Trøndelag har dei ein elitedivisjon, så dette er på nest høgaste nivå, akkurat som våre karar.) Sidan Brann er betydeleg betre enn Rosenborg og Hordaland betre enn Trøndelag, må våre karar få eit favorittstempel her :) Nettside: http://www.hommelvikfotball.no/ | |  | Daniel Øvstebø skal diverre ikkje vera med til Oslo. Det er uvisst om det har noko med hans lidenskap for LSK å gjere. |
Lillestrøm SK Ja, sann! Sjølvaste Lillestrøm. Tippeligaklubben som har vore lengst i den øvste divisjonen i Noreg, og som nyleg rundar 1000 kampar på rad i Tippeligaen. Elles mest kjent for å vera einaste staden flytoget stoppar mellom Oslo og Gardermoen. Ingen går av der. Friviljug, i allefall. Men eit ok juniorlag kan dei nok ha. Dei har faktisk to i serien. Det eine ligg på 2.plass i interkrets serien, bakom jappegutta frå Stabæk og pølsepapirklubben Vålerenga. Andrelaget spelar i 1.divisjon Akershus og ligg på 7.plass av 13 lag der. Men kva lag dei stiller med i Norway Cup, er ikkje så godt å seie. Ei rimeleg sikker kjelde tilknytta klubben seier dog at det tradisjonelt er dei nest beste juniorane som brukar delta på Norway Cup. Nettside: http://www.lsk.no/ | | | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |