Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Trio J16 på Norway Cup

Klikk på bilete for full storleik
 
Klasse R, jenter 16 år består av 27 puljer og vel 100 lag, noko som gjer den til den største klassen på jentesida.
 

Frå vår heimlege serie er også Odda og Bremnes med. Trio er kome i pulje 12, i lag med Alvdal, Otta/Sel og Skjold. Det bør vera ei overkommeleg gruppe. Dei to beste laga går til A-sluttspel. Sidan Rosendal administrerer juniorlaget og Halsnøy gutelaget, er J16 einaste Norway Cup-representant i Trioregi i år. Og som plaster på såret for at dei fekk ei innleiande pulje frå inst i helsike i Dana Cup i fjor (begge finalistane og vinnar av B-sluttspelet i pulja vår), har jentelaget her fått ei høgst overkommeleg pulje med gode moglegheiter for avansement.

 

Jentene våre har gjort ein solid vårsesong med berre eitt baklengsmål (som ironisk nok resulterte i tap), og toppar tabellen i 1.divisjon Rogaland midtvegs. Synne Bjørnebøle meldte overgang til Stord midt i vårsesongen, men er lånt heim att til Norway Cup-deltakinga.

 

Troppen:

Lea Sofie Dalland, Mariel Musland Madsgård, Ida Bruvik, Madel Holmedal Gjerding, Synne Nissestad, June Eitrheim Pedersen, Ester Djuvstad, Synne Eide Bjørnebøle, Marie Normann, Mirka Jimenes Prieto, Henriette Åkre Skarveland, Vilde Teigen, Susanne Kabbe, Ingvill Mikkelsen Rusten, Jannicke K. Røssland.

Lagleiarar: Renate Teigen, Åse Eide, Ørjan Normann og Per Einar Gjerding.

Motstandarane

Alvdal

Vi skal til Østerdalen i Hedmark, sjølv om kampane på Steimoegga idrettspark tilhøyrer Trøndelag fotballkrets. Lillebror og erkerival av Tynset, som ligg rett nordom, og er om lag dobbelt så stor som Alvdal (kun 2500 innbyggjarar). Skiidrett er nok viktigare enn fotball, noko som også symboliserast med eit par ski i kommunevåpenet. Mest kjente Alvdøl er sjølvsagt Kjell Aukrust. Elles er kommunen kjent for gruvedrift, og meieriet Synnøve Finden. Idrettslaget er ikkje ein spesielt stor klubb, men dei har lag i J12, J14 og J16 på jentesida. Jentelaget vart nr 2 av 5 lag i 2.div i Trøndelag krets. Overlegen målskilnad etter store sigrar mot svake lag, men tapte klårt begge kampane mot Tynset 2. Desse slår vi! :)

Nettside: http://www.alvdalil.no

 

Otta/Sel

Otta er administrasjonssenteret i Sel kommune i Oppland og har bystatus (1700 innbyggarar, landets nest minste by i folketal). Elles finst det ikkje kjente folk frå Otta og staden er i hovudsak ein jernbanestasjon. Otta er ikkje nokon stor klubb, men dei har (stort sett eitt) lag i alle ungdomsklassane. Ikkje damelag, men både J19- og J16-lag i 1.divisjon Indre Østland. På vårtabellen ligg dei nest sist av 8 lag, med berre 1 siger på 7 kampar. Laget spelar i kvite drakter. Desse slår vi! :)

Nettside: http://www.ottail.no/

 

Skjold

Skjold er ein tettstad på Grinde, på veg mot Haugesund. Knappe 800 innbyggjarar, noko som er ca 10 % av antalet i heile Vindafjord kommune. Skjold er ein middels stor klubb, som har lag i dei fleste klassar, men ikkje seniorlag på damesida. I serien har dei i år J15-lag (Rogalands-fenomen) og dei har J19-lag. Det som deltek i J16-klassen i Norway Cup er venteleg ei blanding av desse. J15-laget rykka ned frå 1.divisjon i vår etter tap for mellom anna Solid og Trott. J19-laget endte midt på tabellen i 1.divisjon i Rogaland, etter blant anna 7-1-siger i Odda. Avhengig av kva spelarar dei stiller med, kan dette vera eit bra lag som vil utfordre Trio om puljesigeren. Skjold stiller også eit J19-lag i Norway Cup. Denne kampen er første kampen i pulja.

Nettsida deira finn du her.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart