|
I morgon brakar det laus | | Då er våre lag på plass i Oslo klare til Norway Cup, og dei satsar nok på å gjere seg gjennomvåte ved å få med seg opningskonserten i ausande regnver. Vonleg betrar veret seg i morgon, for då startar kampane. Vi køyrer liveoppdatering av alle våre kampar. Les her tidspunkta. | | | I morgon søndag har alle våre 4 lag kvar sin kamp, og felles for dei alle er at det ikkje er på Ekebergsletta. Dette er dagen då ein skal ut i distriktet. Grisgrendte strok, rett og slett!
| | |  | | Warhel Suleman. |
Mhp oppdatering blir det ei økt frå kl 09.55, då begge G16-laga spelar kamp. Så blir neste økt først til kvelds. Då spelar J16 kl 17.30, og så G19 straks etterpå (kl 18.30). Mest spesiell blir gjerne dagen får G19-midtstoppar Warhel. Juniorane skal nemleg møte Kurdistan FC, som var i finalen i fjor. Warhel kjem opphavleg nettopp derifrå. ' Elles skal G16 lag 1 møte eit brasiliansk lag og det skal bli ei beintøff oppgåve. For brasilianarane, that is. Vi reknar med våre gutar gjev brassane ein dugeleg leksjon i god fotball.
| | | Kampane i morgon, søndag 26.juli: 09:55 G16 Trio/Halsnøy2 - Re FK (bane BE4 på Bjølsen) 09:55 G16 Trio/Halsnøy1 - Campo Redondo (bane VE5 på Valle) 17:30 J16 Trio - Skjold IL (bane B3 på Bjølsen) 18:30 G19 Kurdistan FC - Rosendal/Trio/Halsnøy (bane F2 på Furuset) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |