|
Dagens kampar i Norway Cup | | Liveoppdatering skjer på IL Trio si Facebookside, men prøvar å sporadisk legge inn noko her også. Begge G16-laga er no ferdige med sine kampar, og begge laga vann 2-1 etter å ha snudd kampane i andre omgang. Jentelaget vann i ettermiddag kontrollert 4-0 og juniorlaget har akkurat tapt 4-1 mot Kurdistan. | | | 10.20: Til pause står det 0-1 i begge kampane. Trio/Halsnøy 2 har hatt haugevis med sjansar, men det er Re FK som har scora. Trio/Halsnøy 1 dominerer spelet mot brasilanske Campo Redondo, men brassane er veldig kontringssterke og ligg bakpå og ventar på at sjansen byr seg. Og det har dei gjort ein gong, altså 0-1 til pause. | | |  | | 2 mål av Håvard Vågen. |
11.00: Gutekampane er ferdig og begge laga snudde og vann 2-1. For lag 2 var det Håvard Vågen som sette inn to kjappe i starten av andre omgang og Trio/Halsnøy 2 vann dermed veldig fortent mot Re FK. For lag 1 sat sigeren enda lenger inne, trass spelemessig overtak mot brassane. Mot slutten utlikna Simen Mehammer på corner, og rett etter hamra Patrick Solheim Fjelland inn sigersmålet på eit frispark. Flott start, gutar! | | | 11.15: Jentelaget spelar kl 17.30 i ettermiddag og juniorlaget spelar rett etter den kampen er ferdig. For detaljerte oppdateringar av kampane må ein altså følgje med på IL Trio si side på Facebook. | | | 18.30: Jentelaget vann kontrollert 4-0 over Skjold etter to mål i kvar omgang. Målscorarar var Ester, June, Synne B og Vilde. Skjold hadde knapt sjansar i kampen. | | | 18.40: Juniorlaget er no i gang med sin kamp mot sterke Kurdistan FC, fjorårsfinalisten. Oppdateringar på Trio si Facebookside. | | | 19.50: Ein veldig god førsteomgang av Kvinnherad, der Eivind sendte oss i føring på frispark. Kurdistan utlikna før pause og avgjorde mykje med to raske mål i starten av andre omgang. Og det vart 4-1 på tampen, ergo tap. Kurdistan kjem nok langt. I morgon ventar meir skapeleg motstand i trønderske Hommelvik. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |