|
Kampar i Norway Cup måndag | | Kort oppsummering i etterkant her på nettsida, oppdateringar på Facebooksida. Begge gutelaga har vunne sine kampar i dag også, og G19 kjempa seg til 2-1-siger, etter å ha snudd kampen i andre omgang. I kveld har J16 spelt 1-1 mot Otta/Sel, og Trio/Halsnøy 1 spelte sin andre G16-kamp for dagen. Dei vann 4-0 mot Herd. | | | Kl 10.50: G16 Trio/Halsnøy2-Abildsø på E19 (Ekeberg). Kl 12.00: G19 Rosedal/Trio/HIL-Hommelvik på bane 15 (Ekeberg). Kl 13.55: G16 Svalbard Turn-Trio/Halsnøy1 på VE5 (Valle). Kl 17.30: J16 Otta/Sel-Trio på bane 15 (Ekeberg). Kl 19.25: G16 Herd blå-Trio/Halsnøy1 på E11 (Ekeberg). | | | 12.00: Lag 2 på G16 imponerte stort med 5-1 over Abildsø frå Oslo. Ruben, Marcus, Håvard og Oliver (2) sørga for overlegen siger, før motstandaren fekk eit trøystemål på tampen. Dermed er våre klare for A-sluttspel etter berre to kampar og møtet med Tromsø i morgon vil berre avgjere om det blir puljesiger eller ikkje. | | | 13.00: Juniorlaget gjorde ein svak kamp mot Hommelvik i formiddag. Trønderane tok leinga 1-0, før kvinnheringane hadde litt meir å by på mot slutten av kampen. To scoringar av Lars Bernhard Heggøy gjorde at det vart siger 2-1. Dermed blir kampen mot Lillestrøm i morgon kveld avgjerande for om det blir A- eller B-sluttspel. | | | 15.30: Trio/Halsnøy G16 lag 1 hadde lett motstand i Svalbard Turn. Til slutt endte det heile 13-1, etter scoringar av Nikolai Mayer (3), Marius Quam (3), Henning Solheim (2), Simen Mehammer, Daniel Normann, Vebjørn Holmedal, Patrick Solheim Fjelland og Tobias Tvedten. Gutane har ny kamp i kveld og får nok tøffare motstand då. | | | 19.00: Trio J16 har spelt 1-1 mot eit fysisk sterkt lag frå Otta/Sel. Motstandaren scora faktisk mål på Trio, som berre har slept inn eitt seriemål i år. Det kom på corner og det gjorde det i dag også. Men Trio kom att med medvind og unnabakke i andre omgang og Synne B utlikna med eit praktfullt skot. Kampen endte 1-1 og då har begge lag 4 poeng. Men morgondagens motstandar Alvdal vann heile 9-1 i dag, så det blir spanande. Her kan det bli alt frå puljesiger til tredjeplass. | | | 20.00: Trio/Halsnøy G16 lag 1 spelar i kveld mot Herd. Scoringar av Simen, Vebjørn og Patrick sørga for 3-0 til pause. Ein fredeleg andreomgang vart unnagjort utan at andre enn Henning scora, dermed endte kampen 4-0. Trio/Halsnøy står då med 3 strake sigrar og 19-2 i mål, men møter skarp motstand i Karasjok-laget Nordlys i morgon. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |