Oppsummering av Norway Cup-dagen: Trio J16 tapte 1-2 mot Alvdal og tok 3.plass i pulja. Uavgjort hadde vore nok til å sikre A-sluttspel, men ein uheldig start gjorde at Alvdal kom i føringa og det vart ein kamp med jaging for Trio. Ein veldig tam førsteomgang, men meir fart på det etter pause. Men Alvdal kontra inn 0-2 på ein av sine veldig få sjansar. Marie Normann gav håp med redusering kort etter, men trass mange gode raid på høgrekanten av June Eitrheim Pedersen, kom aldri utlikninga.
B-sluttspel, 1/32-finale: Trio-Bossmo/Ytteren på B2 (Bjølsen) kl 10.
Kvinnherad G19 leia 2-0 mot Lillestrøm, etter at Hans Berge nikka oss i føring på eit langt kast frå Sander Saghaug Lillesletten. Og 2-0 kom på ei kontring der Lars Bernhard Heggøy gjorde det meste sjølv. Men sigeren glapp om lag i siste spark, 2-2 endte kampen. Dermed 3.plass i pulja og B-sluttspel. B-sluttspel, 1/16-finale kl 20.30 onsdag på bane 4 på Ekebergsletta. Motstandar blir vinnar av 1/32-kamp Fana2-Huk. Trio/Halsnøy G16 lag 1 vann knepent 2-1 over Nordlys, i eit kamp der gutane ikkje virka heilt vakne. Etter ein dårleg førsteomgang der kun keeper Magnus heldt oss inne i kampen med fleire flotte redningar, kunne vi gå til pause med 1-0 etter sein scoring av Marius Quam. Temperatur etter pause og med 5 mot 7 etter to gule utlikna finnmarkingane. Men Henning Solheim svarte rett etter og sendte oss i 2-1-føring, noko som sto kampen ut. Dermed er laget puljevinnar med 4 strake sigrar. Vi går då direkte til 1/16-finale.
A-sluttspel: På bane RE6 (Rustad) kl 19.20 onsdag. Motstandar blir vinnar av 1/32-finale Njardar/Tysnes-Al Shabaab. Trio/Halsnøy G16 lag 2 vann imponerande 4-1 over Tromsø og er puljevinnar. Tromsø var eit godt og velspelande lag som tok føringa i spelet i begge omgangar. Men våre kjempa seg inn i det og etter scoringar av Håvard, Ruben og Marcus (2), vart det siger. Dermed går laget direkte til 1/16-finale.
A-sluttspel: På bane E11 (Ekeberg) kl 18.25 onsdag mot Nordreisa. |