Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Norway Cup - onsdagens kampar

Klikk på bilete for full storleik
Begge Trio/Halsnøy G16 sine lag er klare for A-sluttspel.
 
Då er sluttspela i gong. For Trio sin del er det meste av aktivitet til kvelden, men Trio J16 har vore i aksjon og vunne første kamp i B-sluttspelet. Det betyr at alle våre 4 lag har kamp i kveldingen.
 

Trio J16

Jentene møtte Bossmo&Ytteren frå Mo i Rana til første kamp i B-sluttspelet. Kampen gjekk på ein veldig gjørmete bane på Bjølsen, før det har vore ein god del nedbør i dag. Trio var det beste laget og vann fortent 1-0 etter scoring av Synne Eide Bjørnebøle. Men også motstandaren hadde sine sjansar, blant anna leverte keeper Lea Sofie Dalland ei vanvittig eihandsredning i andre omgang. Med dette skal jentene spele 1/16-finale seinare i dag. Surt å ikkje kome til A-sluttspelet, men å kunne ta seg eit stykke i B-sluttspel kan bli eit plaster på såret.

 

1/16-finale kl 19.30 på bane A4 på Abildsø: Bangsund-Trio J16.

Bangsund slo Vind2 med 1-0 tidlegare i dag. Bangsund tok kun eitt poeng på 4 innleiande kampar. Blant anna tapte dei 4-0 for Mathopen og 3-0 for Skjoldar.

Trio/Halsnøy G16 lag 2

Gutane imponerte veldig med solid siger mot Tromsø i går og full pott i innleiande pulje. Med det er dei klare for A-sluttspel og med tilnærma reint 15-årslag skal det noko til å kome langt der. Men vi møter ein puljetoar i første kamp, så her er det moglegheiter.

 
Klikk på bilete for full storleik
Det er heldigvis ikkje alltid storleiken det kjem an på.

A-sluttspel 1/16-finale kl 18.25 på bane E11: Nordreisa2-Trio/Halsnøy2

Nordreisa frå Troms vart nr 2 i si pulje bakom overlegne Torvastad (1-2 mot dei). I fjorårets heimlege seriespel i G16 vann Trio/Halsnøy 4-2 over Torvastad.

Trio/Halsnøy G16 lag 1

Var suverene i gruppespelet med 4 strake sigrar og 21-3 i mål. Men har fått ei tøff trekning, der vårt lag og brassane skal opp mot nr 1 og 2 i pulje 10. Det var fleire av oss som såg gruppefinalen der i gårkveld, særs gode Hammerfest/Stein (18-0, 20-0 og 6-1) mot Al-Shabab frå Libanon, som hadde enorm fysikk på sine spelarar. Halve laget hadde heilskjegg og brystkasser av stål, så det var råd å undre seg om desse verkeleg berre er 16 år. Men sportleg kom dei til kort mot finnmarkingane og det er ikkje umogleg for våre gutar å vinne denne. Men blir artig å sjå vetle Daniel Normann (13) handhelse på til dømes karen på biletet her.

 
Klikk på bilete for full storleik
Daniel (13) treng ikkje ta skjegget så ofte enno.

A-sluttspel 1/16-finalen kl 19.20 på bane RE6 på Rustad: Trio/Halsnøy1-Al Shabab Lebanon

Libanesarane har i innleiinga vunne 14-3 mot VanKam, 8-0 over Bergen Nord1 og altså tapt 6-1 for råsterke Hammerfest/Stein. Og så vann dei 11-3 over Njardar/Tysnes i 1/32-finale før i dag. Vi kjenner Njardar godt frå seriemøter med toarlaget vårt (vi har vunne 2-1 og 3-1).

Trio/Rosendal/Halsnøy G19

Juniorlaget var veldig uheldige i går. Sigeren var i lomma etter 2-0 mot Lillestrøm eit stykke ut i andre omgang, men Tippeligaklubben kom att og klarte 2-2 heilt på tampen. Dermed vart det berre B-sluttspel på våre. Første kamp går i kveldingen.

 

B-sluttspel 1/16-finale kl 20.30 på bane 14 (Ekeberg): Kvinnherad- Fana2

Kvinnherad møter vinnaren av kampen Fana 2 og Huk, som spelar midt på dagen i dag. Huk har tapt alle sine tre innleiande kampar, mellom anna 10-0 for Åsane, som vi skal møte i serien i haust (rykka ned frå 1.div). Fana 2 er det ikkje godt å bedømme. Dei har 3 lag i serien, mellom anna Hordalands beste G19-lag. Men lag 2 og 3 har begge plassert seg beskjedent i 3.divisjon i vår. Her i Norway Cup har dei 3 tap i ein tilsynelatande middels gruppe.

* Tillegg: Motstandar blir Fana2, som vann 2-0 over Huk.

 

Kampane blir oppdatert etter beste evne på Facebooksida.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart