|
Resultater onsdag - kampar torsdag |  | | Trio/Halsnøy G16 lag 2 er einaste laget vårt som framleis er med i A-sluttspel. |
| | | | Tre av våre lag tok seg vidare i kveld, medan det vart slutten på cupeventyret for Trio/Halsnøy G16-1, som tapte knepent for sterke Al Shabab Lebanon. Her er omtale og oversyn over morgondagens kampar. | | | Trio/Halsnøy G16 lag 1Fekk ei særs vanskeleg trekning og ei vanskeleg oppladning då banen vart bytta, noko libanesarane ikkje fekk med seg. Så våre sto lenge og venta utan motstandar, noko som er dårleg inngang til ein kamp. Ikkje optimalt for dei heller, sjølvsagt. Trio/Halsnøy gjorde ein veldig god kamp og leda lenge 1-0 etter scoring av Marius Quam. As Shabab utlikna i andre omgang og heilt på tampen fekk eit fysisk robust og teknisk godt lag frå Libanon også sigersmålet. Surt, men slik er det. Trio/Halsnøy G16 lag 2 Denne gjengen fekk meir skapeleg motstand, men heller ikkje Nordreisa 2 var noko dårleg lag. Det vart ein intens, fartsfylt og spanande kamp, der våre til slutt gjekk nokolunde kontrollert av med sigeren 3-2. Håvard Borgen Vågen sendte oss i føring og sjølv om Nordreisa utlikna, sørga Rasmus Eik Sjo for pauseleiing med eit beist av eit frispark frå 25 meter. Ruben Saug hadde eit skot i tverrliggjar og ned, som nok var inne, men uråd for dommar å dømme på. Men Sindre Benjaminson roa nervene ved å dytte inn ein retur og vi leia 3-1 til Nordreisa reduserte minuttet før full tid. Men det var ikkje nok Trio/Halsnøy tok sigeren og møter ein av turneringsfavorittane i 1/8-finale i morgon formiddag.
| | | A-sluttspel 1/8-finale: Trio/Halsnøy2-Egernförde UF på reservebane Trasop 3 kl 10.45. Tyskarane, eller det er visst eit dansk-tysk samarbeidslag, er rågode. Underteikna såg dei herje med Ullern i forrige runde og dei har 48-4 i målskilnad på 4 kampar så langt i turneringa. Ei herleg utfordring for våre gutar! :) Trio J16Jentelaget vann tidleg i dag 1-0 over Bossmo&Ytteren, og spelte 1/16-finale mot Bangsund i ettermiddag. Her viste jentene seg frå ei bestemt og målretta side og vann veldig greitt 4-0, etter scoringar av Synne B (2), Mirka og Henriette. Dermed er dei klare for 1/8-finale i B-sluttspelet i morgon formiddag.
| | | B-sluttspel 1/8-finale: Trio J16-Randesund 2 på bane B2 (Bjølsen) kl 11. Sørlendingane vart nr 3 i pulja si med 4 poeng, same som Storm på andreplass. Altså uavgjort mot dei, samt 1-3 tap for Langhus og siger 2-0 over svake Hegra. Så vart det 1-0-siger over Spjelkavik tidlegare i dag, og dermed plass i 1/8-finalen mot våre jenter. Trio/Rosendal/Halsnøy G19Juniorane gjorde det spanande i 1/16-finalen i B-sluttspelet, då Fana 2 var motstandarar. Bergensarane fekk ta leiinga i første omgang etter ein forsvarsfeil, og sidan hadde dei meir enn nok med å drøye tid. Våre trykka på og fekk til slutt utteljing då Hans Berge fann Eivind Tufta Saghaug med eit presist innlegg. Eit stadig press frå våre resten av kampen, inkludert 2x5 minutt ekstratid, men kampen måtte avgjerast på straffar. Og der er vår keeper Mats Ekeland rimeleg rå. På tredje straffen til Fana kasta han hanskane, såg motstandaren vilt i augene og kasta seg heilt ut i hjørnet og redda. Alle øvrige scora og dermed var vi vidare til 1/8-finale i morgon.
| | | B-sluttspel 1/8-finale: Kvinnherad G19-Hegra på bane R3 på Rustad kl 12. Hegra er frå Stjørdal i Nord-Trøndelag og har tre sigrar og to tap så langt i turneringa. Vanskeleg å bedømme nivået ut i frå dette, så vi går ut i frå at vi høvlar over desse.
| | | Vi håpar at kampane blir oppdatert på Facebooksida vår.
| | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |