Trio/Halsnøy G16 lag 1Rauk altså ut mot ufortent sterk motstand allereie onsdag kveld. Ein særs god prestasjon av våre mot libanesarar øyensynleg godt opp i 20-åra. Vi kan merke oss at Rosendal/Uskedal, som våre slo 2-0 i treningskamp nokre dagar før avreise, er klare for semifinale i A-sluttspelet i morgon. Trio/Halsnøy G16 lag 2 Flott innsats så langt, over all forventning. Vann 3-2 over Nordreisa i 1/16-finale i A-sluttspelet i går og skulle opp mot eit råsterkt tysk lag som hadde 48-4 i målskilnad på fire kampar i forkant. Men gutane gjekk til verket utan respekt og Ruben Saug utlikna ei tidleg tysk leiing. Sidan gjekk tyskarane opp i 2-1, men Ruben utlikna på ei heading like før dommaren blas av for full tid. Dermed ekstraomgangar med første målet vinn, og der var det tyskarane som drog det lengste strået. Formidabel innsats av våre gutar. Litt spesielt elles at viss det hadde blitt siger i denne kampen, ville det blitt møte mellom Trio/Halsnøy og Rosendal. Langt å reise til Oslo for slike oppgjer :) Trio J16Jentelaget vann tidleg i dag 1-0 over Randesund2 i 1/8-final, corner direkte frå corner ved Ester Djuvstad. Og dermed vart det kvartfinale mot Ravn i ettermiddag. Ein jamn og nervepirrande kamp endte 0-0. Dermed skulle det avgjerast på straffar og her tapte Trio 2-4. Surt, men god innsats av våre jenter. Trio/Rosendal/Halsnøy G19Juniorane burde vunne mot nordtrønderske Hegra i 1/8-finalen. Denne vart heldigvis flytta frå ein fæl 'grasbane' på Rustad, til kunstgras på Lambertseter. Her gjorde gutane våre ein solid førsteomgang og dominerte kampen stort. Mange sjansar også, men det vart med Emanuel Onasaka si eine scoring. Etter pausen kom Hegra sterkt ein periode og klarte å utlikne, men etter kvart tok vi over igjen, også i ekstraomgangane. Vi hadde nokre formidable sjansar til å avgjere, men lukkast ikkje. Dermed ny runde med straffar og trass i veldig god straffeskyting, endte den med 4-5-tap. Surt, surt, surt! Med kun 13 mann i troppen hangla vi ein del etter kvart og kunne fått det tøft med å mønstre lag i neste runde, men det hadde uansett vore veldig fortent å kome vidare.
|