|
Norway cup heilt på tampen | | Alle våre lag er utslått og dei fleste har fått med seg at Rosendal/Uskedal sine gutar 16 år spelte A-finale i dag. Det er første gong eit gutelag frå Kvinnherad har gjort det, Rosendal J16 gjorde det same for 11 år sidan. Her er litt om laga vi har møtt eller kjenner no på tampen av turneringa. | | | Klasse E, gutar 16 år 7ar Her hadde altså både Trio/Halsnøy og Rosendal/Uskedal med to lag. Begge våre to lag gjekk til A-sluttspel etter til saman 7 strake sigrar, før førstelaget rauk ut for sterke Al Shabab i 1/16-finalen og andrelaget vårt tapte 2-3 før tyske Ergenförde i 1/8-finalen. Tyskarane rauk ut i neste runde for Rosendal/Uskedal, som altså tok seg heilt til finalen, der dei tapte 1-6 for Hareid. Libanesiske Al Shabab rauk i kvartfinalen for komande vinnar Hareid. Nemner elles at Nordlys, som vårt lag 1 slo i innleiinga, vann B-sluttspelet med overlegen 9-0-siger i finalen der. | | | Utan at det har noko med våre lag å gjere, må det vera lov å nemne at Larsnes IL vann sin første kamp i B-sluttspelet med 7-3, før dei tapte den neste heile 0-27. Snakk om kollaps! :) | | | Klasse A - G19 junior menn Vårt lag fekk som kjent tøff motstand i gruppespelet, men var ei hårsbreidd frå å gå til A-sluttspelet. Fjorårsfinalist Kurdistan FC, som vi heldt til 1-1 til pause, men tapte 1-4 for til slutt, er finaleklare også i år, tilsynelatande utan å ha vore truga i nokon kampar. Der møter dei elles Hallingdal/Geilo, som vi møtte i fjor. For vår del vart det slutt etter straffekonk i 1/8-finalen i B-sluttspelet. Spelemessig hadde vi fortent ein klår siger mot trønderske Hegra. Dei tapte sidan 2-0 for Aksla, som vann heile B-sluttspelet. Små marginar... | | | Klasse R - J16 Jentelaget var uheldige som ikkje klarte plass i A-sluttspelet, og sidan gjekk dei heilt til 1/-finalen i B-sluttspelet, før det vart stopp i straffekonk mot Ravn. Det laget vann sidan B-sluttspelet, med 1-0 over Tertnes i semi, og 3-2 over Smørås i finalen. Laga som slo oss i gruppespelet, Otta/Sel og Alvdal, fekk hhvis 2 og 1 kamp i A-sluttspelet. Rivalane våre frå serien (1.div Rogaland), Odda og Bremnes, gjekk begge til A-sluttspel,men rauk ut i første kamp der. | | | Klasse B - gutar 16 år 11ar I den største og tøffaste klassen i Norway Cup, 11ar for G16 med godt over 200 lag med, tok Bremnes seg til A-sluttspel fekk heile 4 kampar der før det vart slutt i TV-sendt 1/8-finale mot Søgne, som sidan har teke seg heilt til bronsefinalen. Os Turn, som vårt G16 møter i serien i haust, tok seg elles til 1/16-finalen. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |