Oppsummering av Norway Cup for J16 |
| Laurdag morgon (25/7), kl 0700, rulla ein svær og flott Tide buss av gårde frå Husnes med retning Oslo og Norway Cup. I tillegg til laget vårt, var G16 og Halsnøy J15 om bord. Ein kjekk og flink bussjåfør førte oss non-stop til Seljord, der vi hadde ein time pause. Kl 16.00 ankom bussen Hallagerbakken skole, der alle 3 laga skulle bu under cupen. |
| |
 | | 20 par fotballsokkar til spesialreingjering. |
Vi hadde ikkje egen buss eller biltransport i Oslo under opphaldet og baserte alt på kollektivt. Det viste seg allerede første kveld at det ikkje var ideelle forutsetningar i forhold til transport og logistikk frå skule til Ekeberg/ kamparenaer. Det tok mykje tid og det var krevande å planlegga også i forhold til kapasitet på buss/trikk og trafikk i Ekeberg området. Dette gjorde også sitt til at jentene ikkje fekk mykje tid til andre aktivitetar enn det som hadde med cupen og fotball å gjera. Men ein svipptur til Oslo onsdag melom 2 kampar klarte vi å skvisa inn, med lunsj og shopping på agenda.
|
| |
Puljespelet:
|
| |
 | | Madel og Mariel ladar opp til kamp. |
Trio – Skjold 4-0 (søndag) Skjold var omtala som vår tøffaste motstandar i pulja i forkant. Det viste seg å vera skivebom, då dei seinare viste seg å vera kasteballen i pulja i staden. Vi vinn komfortabelt 4-0 etter 2 mål i kvar omgang og alle spelarane får godt med speletid (forutan Ingvill som var forhindra grunna sjukdom). Ester, Synne B, June og Vilde scorar måla i ein kamp der vi tidvis får til godt angrepsspel og er bånnsolid bakover gjennom kampen.
|
| |
 | | Synne og Ester i Triofarger. |
Trio – Otta/Sel 1-1 (mandag) Otta/Sel hadde slått Alvdal 4-3 dagen før og viste seg å vera eit fysisk tøft lag, med 2-3 svært gode spelarar. Vi anar vel at laget var forsterka noko frå normalt seriespel i vår. I 1. omgang spelar vi «oppoverbakke» og i kraftig motvind. Dette kombinert med at vi blir tatt litt på senga av fysikken til Otta/Sel, gjer at vi aldri kjem i gang med noko spel denne omgangen. Otta/Sel leiar fortent 1-0 til pause etter scoring på ein corner. Vi håpar og trur at kambildet skal endra seg totalt etter pause i medvind og «nedoverbakke». vi er det førande laget som forventa og får vår utligning ved Synne B, men vi får ikkje større overtak enn at det til slutt er heilt greit med uavgjort i ein svak kamp. Den minna fælt om heimekampen mot Bremnes i mai (0-1).
|
| |
 | | Feiring etter seier på Bjølsen. |
Trio – Alvdal 1-2 (tirsdag) Før siste kamp var det klart at seier eller uavgjort ville gje 2. plass og A-sluttspel, tap ville gje 3. plass og B-sluttspel. Vi spelar igjen på underlag som ikkje tillett vårt normale spel og det blir vilje og kjemping som skal avgjera kampen. Vi slepp Alvdal til litt for enkelt ved 2 anledningar og ligg under 0-2 etter 10 min av andre omgang. Vi kjører då fram meir folk og får umiddelbart redusering ved Marie på ein retur som ho sett kontant i nettaket. Resten av kampen er eit langt stormløp mot Alvdal målet, der midtstoppar Ida også er spiss på slutten. Det vil seg ikkje og Alvdal går noko heldig til A-sluttspel og vi må skuffa akseptera at vi var eit mål i frå eit A-sluttspel som vi hadde håpa på før avreise.
|
| |
B-Sluttspel:
|
| |
1/32-finale: Trio – Bossmo & Ytteren 1-0 (onsdag kl. 10.00) Onsdag er den dagen med dårligast ver og banane er i svært dårleg forfatning og tillet særs lite normalt fotball spel. Vi kjempar godt og vil vinna og er klart bedre enn B&Y. Vi vinn fullt fortent 1-0 etter scoring av Synne B på eit utsøkt gjennomspel frå Ester.
|
| |
1/16-finale: Trio – Bangsund 4-0 (onsdag kl 19.30) Ein meget bra kamp av jentene på ein bane på Abildsø som ikkje var så aller verst i forhold til anna vi hadde erfart. Kanskje var det Oslo-turen som slo positivt ut, for vi kjører over Bangsund i 2x25 min og leiar 3-0 til pause etter 2 av Synne B og (endelig) scoring for MirkaJ. Henriette set punktum midt i andre omgang til 4-0. Klar for 1/8 finale, om vi kjem oss heim og får kvilt litt og tilbake til Bjølsen torsdag morgen… Per Einar har for øvrig no mista stemma og Ørjan tar mykje av praten med jentene.
|
| |
1/8-finale: Trio – Randesund 2 1-0 (torsdag kl 11.00) Kampen minnar mykje om 1/32-finalen eit døgn før. Samme bane, ennå verre forhold. Vi er det klart beste laget og Lea er knapt i ballen gjennom kampen. Ester klarer kunstykket å skru ein corner frå høgre i mål med HØGRE fot tidlig i kampen. 1-0 ledelsen er aldri trua og kvartfinale er i boks.
|
| |
1/4-finale: Trio – Ravn 0-0 (2-4 e str) (torsdag kl 18.30) Endelig ein skikkelig fotballbane, bane 8 på Ekeberg er ein flott kunstgras arena som inviterer til finspel. Vi hadde merka oss Ravn si reise til kvartfinale, 3-0, 8-0 og 5-0 var imponerande og vi venta oss tøff motstand for slitne jenter der fleire no drar på smellar og skader, men blir lappa sammen før kamp. Vi får umiddelbart svar på at Ravn er eit bra lag. Dei spelar ball langs bakken og viser bra basis teknikk. Dei stiller i ein formasjon som er uvant for oss og det tar nesten 10 minutt før vi har fått justert forsvarsspelet vårt til å håndtere dette. Sidebackane måtte inn sentralt og kantane våre måtte jobba masse defensivt. Etter denne justeringa skapte Ravn lite eller ingenting, noken lanskudd som nesten fornærma ei tent Lea i mål. Vi har og våre muligheter og kampens desidert største då Mirka headar over på blank ein meter frå mål. Jentene legg ned enormt med meter og innsats og vi holder Ravn til 0-0 både full tid og gjennom ekstra tid. Straffekonk er som alltid bingo, og denne gang hadde ikkje vi vinnerloddet. Ravn vinner 4-2 på straffer, vinn semi 1-0 og finale 3-2 og vinn heile B-sluttspelet. Kvartfinalen var nok den moralske finalen og hadde ei fantastisk ramme med super bane, enormt med folk, flott ver og intens spenning. Sjølv med tap så var det ei verdig avslutning på turneringa for jentene!
|
| |
Oppsummert spelar vi 7 kampar og endar med 4-2-1 og 12-3 i målforskjell. Noko anna enn Dana i fjor, sjølv om målet om A-sluttspel rauk. Apropos Dana i fjor og pulja vi hadde der i J15: turneringsvinnaren Dana 2015, finalist Dana 2016 J16 (Egersund) og finalist Norway Cup 2016 J16 (Lyn spelar A-finale kl 13.40 lørdag). Et eventyr…
|
| |
I ettertid og når ein skal reflektera litt over cupen, hadde vi nok mindre muligheter til å hevda oss enn vi hadde forventa. Spelet vårt er lagt opp for finspel og ballbesittelse. NC-banane er svært dårlige og tillet ikkje slikt spel. 3m pasningar sprett plutselig opp i knehøgde på mottakar og gjev kontring i ubalanse i staden. Fysisk og direkte spel var oppskrifta og det var vi øvd svært lite på. Dette tar eg med like mykje som innspel for seinare årgongar og vurdering av kva cup ein skal delta på. Myta om at dei beste laga droppar NC pga banekvalitet vart i allefall bekrefta for undertegna, 34 år etter at eg var på NC sist som smågutespelar på Trio i 1981. Ei anna viktig erfaring er at det er vanskelig å basere all transport under cupen på kollektivt. Ein bør ha bilar/buss for transport. Rosendal og Bremnes hadde bussane sine under cupen og sparte nok mykje tid på dette.
|
| |
Tusen takk til alle som stilte opp for oss på kampane rundt omkring i Oslo. Det var imponerande kva dei andre laga og føresette rakk over og stilte opp for å støtta det flotte jentelaget til Trio. Dette satte vi stor pris på og det inspirerte laget ekstra i kampane. Vi var ikkje like flinke andre veien, men det hang saman med kollektivtransport og kampavvikling, ikkje vilje… Kjekt og å sjå kor godt samarbeidet Trio/Halsnøy er blitt i 2015, dette må ein bare bygga vidare på! Eg gjer meg med 99-modellane no i haust, men håpar det kan bli eit Trio/Halsnøy J16 lag neste år.
|
| |
Mvh, Per Einar (Trio J16) |
| |
| |
|
|
|