|
Seriestart og klare for cup | | G14: Trio2-Trio1 5-3. Smågutane sparka i gong haustsesongen med første seriekamp mot oss sjølv. Med ei budda 13-åringar i tillegg til 14-åringane var 25 gutar samla til kamp, som også vart oppladning til helgas deltaking på Ål Cup. Der tek G14 offisielt i bruk 50 %-regelen, som første lag i Trio :) | | | G14 skal altså til Ål Cup komande helg og deltek der med eitt 11ar- og eitt 7arlag. Follese FK har fått mykje positiv omtale i sommar for innføring av ein regel om at alle spelarane som er med på kamp skal få spele minst 50 % av tida. Dette er ein regel for framtida, og vi adopterer den frå og med Ål Cup. I praksis har vi dog drive etter denne i lengre tid. | | | Dagens kamp var meint å vera jamn og underteikna er i så måte godt nøgd med laginndelinga. Første omgang var jamn i spel, men målsnikane Lars og Martin sørga for at det sto 3-0 i målprotokollen. Martin fullførte sitt hat trick i starten av andre omgang med ein rasande vakker chip og sørga for 4-0, før lag 1 gav kraftig svar på tiltale. I ein periode tok dei over spelet, inspirert at Sander sitt flotte kontringsmål. Og enda flottare var 4-2-reduseringa av Daniel, som tydelegvis har øvd på brassespark i sommar. Daniel reduserte nok ein gong etter forarbeid av Brynjar og Isak (11) og med 4-3 var det ny spaning. Men på tampen avgjorde Lars på ein overgang der ballen gjekk på 1-touch mellom Tarmo, Martin og han. Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio2-Trio1 5-3 (3-0) 1-0 (19 minutt) Lars Olderkjær Larsen 2-0 (27 minutt) Martin Hjelmeland Arnesen 3-0 (33 minutt) Martin Hjelmeland Arnesen 4-0 (45 minutt) Martin Hjelmeland Arnesen 4-1 (52 minutt) Sander Dolonen Brækken 4-2 (55 minutt) Daniel Sørtveit 4-3 (60 minutt) Daniel Sørtveit 5-3 (68 minutt) Lars Olderkjær Larsen | | | Tilskodarar: Ca 20. Dommar: Isaac Jørgensen Ingen kort. | | | Trio 2 sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Jonas Teigen, Espen Aakre Sjo, Joakim Heimvik, Edvin Vågen Bjørgvik, Samson Nyrud Uppheim, Marcus Nilsen Mathisen, Tarmo Tars, Martin Hjelmeland Arnesen, Lars Olderkjær Larsen, Vegard Fausk, Yonas Debesay. | | | Trio 1 sitt lag: Vegar Teigen, Sander Simensen, Torstein Olderkjær, Mathias Gjelseng, Isak Mo, Brynjar H. Gjerding, Simen Hellevik Lie, Gaute Thorkildsen, Benjamin Skarveland, Daniel Sørtveit, Sander Dolonen Brækken, Anders Solheim Dyrhaug, Robin Steinsletten. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |