|
OnsdagsGjengen byter dag og fjelgar til Husnes Cup |  | | Øyvind Skogseth, Henning Haga og Otto Kolaas er klare til fjelging rundt Triohuset. |
| | | OnsdagsGjengen har to store oppgåver i neste veke: 1) Byta dag frå onsdag til tysdag. 2) Fjelga ferdig rundt Triohuset og anlegget elles til Husnes Cup neste helg. Me skal klara begge deler. Men, me tek sikte på ein siste finpuss og fellesdugnad tysdag kveld kl 17-20 i tillegg til føremiddagsøkta kl 10. Då er alle frivillege velkomne å hjelpa til.
| | | | Det er alltid kjekt å fjelga litt rundt Triohuset og anlegget elles før Husnes Cup går av stabelen. Det er kjekt å ta godt i mot tett på 1000 fotballspelarar og føresette frå Rogaland og Hordaland. | | | | Ta med verktøy om du har, t.d. binsinkantklippar, rive, høygaffel, greinsaks, motorsag, stuttorv, langorv eller trillebåre. Me har litt verktøy. Det viktigaste er at du møter, er kaffitørst og har arbeidsvilje. | | | | OnsdagsGjengen vil framleis heita OnsdagsGjengen sjølv om me byter frammøtedag frå onsdag til tysdag. Frammøte startar som alltid med kaffiøkt på Trioloftet kl 10-11. | | | | Alle Trio-vener er velkomne på Trioloftet kvar tysdag kl 10! | | | Svein R-.
| | | | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |