Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knepent tap i god kamp

Klikk på bilete for full storleik
 
J11: Rosendal-Trio 2-1. Trio sine J11 jenter starta opp haustsesongen i Rosendal onsdag. Vi fekk ikkje avholdt trening før kampen etter ferien då den blei flytta fram til treningsdagen vår. 9 jenter klarte seg likevel veldig bra og klarte oppgavene sine med bravur, sjølv om det til slutt blei eit noko ufortent 1-2 tap.
 

Vi har fortsatt fokus på forsvarsorganisering og oppgava i dag var å ta tak i det vi øva på fram til ferien med igangsetting bak og skyve forsvaret etter når vi kom framover i banen. Dette funka perfekt i 90% av kampen og Rosendal skapte svært lite sjansar. Det som kom tok Jenny seg av, ho spelte ein kjempekamp i målet i dag :) 

 

Framover var vi litt utålmodige med ball i første kampen etter ferien. Vi sparka den for fort framover i staden for å roe ned og gjere noke fornuftig med den. Det kjem seg nok allerede til helga på Husnes Cup med 5 kampar på 2 dagar. Masse moro og masse god trening! June Marie fortsatte imidlertid der ho slapp i vår og lot seg ikkje be 2 gonger då ho fekk sjansen halvveis i 1. omgong. Ho drog seg forbi et par spelarar og satte ballen sikkert til sides for keeper. Synna har ein stor sjanse til å dobla då ho drar seg gjennom, men er uheldig og sett skuddet i stanga. 1-0 ledelsen står seg til pause.

 

Vi kontrollerer første 20 minutta av andre omgong i samme stil som første. Lite sjansar i mot, men plutselig glipp det og ei Rosendaljente kjem gjennom forsvaret som står høgt (som dei skulle) og ho utlignar til 1-1. Like etter er kampen snudd då vi egentlig har full kontroll i midtbaneleddet, men blir for ubesluttsom og ballen blir snappa. Jenny gjer årets redning, men returen dett uheldigvis tilbake i beina på Rosendal spelaren som sett ballen i tomt mål. Så fort kan det skje i fotball, 2 små glippar i ein ellers meget bra gjennomført kamp forsvarsmessig. Alt i alt ein god kamp av jentene etter ferien, der Jenny sto fram som vår beste i dag med flott keeperspel :)

 

Rosendal J11 stilte nok ein gong med strålande sol, kaffi og frukt. Tusen takk til Tone & co! No gler vi oss til Husnes Cup og håpar på like fint vær då :)

 

Laget til Trio J11:

Jenny H. Lie, Ingeborg S. Hagan, Margrete N. Hillestad, Aurora N. Mathisen, Ragnhild Hauge, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Synna H. Gjerding, , June S. Hammer.

 

Bjørn & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart