Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Trio - Fitjar 0-1

Klikk på bilete for full storleik
 

Det blei ein tung dag i motvinden på Husnes Stadion fredag kveld. Fitjar var eit lag me skulle slå dersom me skulle komma oss vekk i frå bunnstriden. Fitjar var totalt sett det beste laget og vant fortjent 1-0 etter eit billig frisparkmål i mot.
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var mange duellar inne i vårt felt i første omgang. Her er det Vemund som rydder opp.
Klikk på bilete for full storleik
Eide var uheldig på Fitjar sitt frispark. Her varmar han opp før kamp.
Klikk på bilete for full storleik
Martin smeller ballen i stolpen tidleg i første omgang.

Lagoppstilling:

 

Andreas Eide
Vemund Grønstøl, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander B. Ekeland
Futsum Mebratu, Endre Eide, Håvard Haga
Simon Korttila, Roger Røssland, Martin Veastad

 

Reserva:

 

Andreas Thorklidsen, Lars B. Heggøy, Dawit Kahsay, Emanuel Onasaka,
Warhel Suleman, Olav Myklebust

 

Trio - Fitjar 0-1 (0-1)

0-1, 18 min Øyvind Fykse Lie

 

Med unntak av Andreas Charter Røyrvik så stilte Trio nermast eit skadefritt
mannskap mot bunnlaget Fitjar. Kjell Magnar valgte derfor å stilla med samme
laget som spelte mot Gneist sist helg.

 

Trio starta kampen bra og hadde ein stor mulighet då Endre fant Martin i bakrom.
Martin tok med seg ballen og skar inn mot mål. Frå skrå vinkel banka han ballen
i stolpen og ut. Lika etter hadde Futsum funne veien ned på høgresida. Han kikka opp
og såg kaptein Ronny inne i 16 meterer. Ballen fant Ronny som ikkje hadde stilt
inne venstrefoten og skotet gjekk høgt til side fra mål. Etter det tok Fitjar fullstendig over. Dei flytta laget høgare i banen og tok fullstending kommando over midtbanen. Me klarte ikkje å spela oss ut bak i frå og utspela frå keeper for ikkje lenger enn 30-40 meter pga sterk motvind. I tillegg virka det som om me skrudde av ein brytar. Me var på etterskudd i alle duellane og me lot Fitjar spela på seg sjølvtillitt.

 

Etter 18 minutt fekk Fitjar frispark fra ca 30 meter. Skotet til Fykse Lie var ikkje hardt
men det sneik seg alikavel under tverrliggaren til Eide som valgte å ikkje ta opp armane. Han burde kanskje tatt den der. Fitjar fortsatte å pressa og kom seg fri ved nokre anledninga nede på vår venstre side. Innlegga deira var det heldigvis inga adressa på og Trioforsvaret fekk til slutt rydda opp.

 

Trio hadde ikkje så mykje å komma med offensivt men Aleksander nådde nesten eit innlegg på 12 meter etter fint spel frå midtbanen. Det skjedde ikkje så mykje meir i 1 omgang og dommaren signaliserte for pause.

 

I pausen vart det mykje prat. Me måtte skru på brytaren igjen og begynna å ta tilbake midtbanen. Me måtte også begynna å visa oss for kvarandre og ikkje stå å sjå på duellane. Balltempoet måtte også hevast mange hakk dersom me skulle setta keeperen deira på prøve. Me gjorde 2 bytter i pausen. Ut gjekk
Martin og Aleksander og inn kom Andreas Thorkildsen og Lars Bernhard Heggøy. Futsum gjekk ned på backen mens Thorkilds tok plass på kant. Heggøy tok plassen til Futsum som indreløpar.

 

Byttene kunne nesten vore geniale då Heggøy og Thorkilds spelte seg fri etter bare 20 sekundar spel. Men inne i 16 meteren stoppa det opp og Fitjar fekk rydda opp. Trio var mykje kvassare i denne omgangenmen skapte ikkje dei store sjansane. Den største sjansen kom i det 83 minutt då Haga slår eit langt innlegg som Ronny header inn til Roger som står på kanten av 5-meteren. Med venstrefoten får han losna eit
skot og ballen fykk mot venstre stolpe. Publikum og lagkameratar jublar for mål men ballen treff utruleg nok stolpen og dabbar ut.

 

I andre enden skjer det lite. Fitjar har lagt seg bakpå og har parkert bussen. Overgangane stoppar me lett og Eide har lite å gjera på i mål. Kampen ebbar ut utan at Trio klarar å skapa noko. Nokre chippar og lobbar inne i feltet har Fitjar keeper ingen problem med å rydda opp i.

 

Trio går på eit pinleg heimetap mot Fitjar i ein kamp der me skulle ha 3 heimepoeng. Me ligg no på 9.plass med kun 16 poeng. Dersom me ikkje begynner å plukka 3 poengera snart så kan denne høsten sjå svært mørk ut.

 

-Referat av Andreas Charter Røyrvik og Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart