Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fair Play-prisen til Rubbestadneset J12

Klikk på bilete for full storleik
Vinnar av årets Fair Play-pris på Husnes Cup: Rubbestadneset J12.
 
Ein strålande dag på Husnes Cup avsluttast med diskotek for deltakarane. I forkant av dette eit lite program, der vi offentleggjer kven som går til topps i den prestisjefylte Fair Play-konkurransen, der premien er sponsa av Sparebanken Vest. Og i skarp konkurranse med mange andre lag, gjekk der Rubbestadneset J12 til topps.
 

Grunngjevinga:

 

Fair Play-prisen2015

Eitt av særprega ved Husnes Cup er Fair Play-prisen,som vi kvart år deler ut til eitt av laga, som har utmerka seg på området. Denne heng særs høgt og mange lag førebur seg ofte på korleis dei skal gjereein best mogleg prestasjon her.

 

Det er vanskeleg å skilje mellom laga, for det er som regel veldig få negative tilbakemeldingar. Vi vurderer blant dei som leverer inn fair play-vurderinga,og ser etter kva tilbakemeldingar dei har fått i frå motstandarar, dommarar, sekretariat og turneringsleiinga. Oppførsel i cupteltet blir også etter beste evne teke med i vurderinga.

  

I år var det veldig mange kandidatar. Spesielt på jentesida har det vore særs mange positive godord å registrere. Og av dei beste har vi plukka eitt som stikker av med årets Fair Play-pris: RubbestadnesetJ12

 

Åsane Blåmeis J12 til topps i opptoget

Som vanleg gjorde alle laga opptoget vårt til stor stas. Mange deltok aktivt og lagde mykje leven og mange hadde kledd seg ut. Det var mange gode kandidatar. Kjekt å sjå at nokre av dei som gjekk bak i toget til og med hadde eigen musikk, og mange gaula for full hals på laget sine kamprop.

 

Vi fall særleg for to lag, som hadde lagt stor flid i å kle seg ut. Dette var to J12-lag: Åsane Blåmeis og Rubbestadneset. Og av desse går premien for beste innsats i opptoget til Åsane Blåmeis.

 
Klikk på bilete for full storleik
Åsane Blåmeis i klubbfargane svart og oransje.

.

 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart