Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Opna haustsesongen med siger

G16: Lyngbø-Trio/Halsnøy1 2-4. Når ein fyrst bruker ein halv fredag på å reisa til Bergen t/r for å spela kamp, må ein sørga for å gi 100%, slik at turen føles kortare. Gutane tok ansvar og vann 4-2 borte mot Lyngbø.
 

Vårkampen mot Lyngbø var ein berg-og-dalbane av ein kamp, som me vann 3-2 til slutt. Kampen var og prega av nokre uheldig episodar, som førte til handleddsbrot for Henning og ei knekt nase hos ein Lyngbøspelar. Me håpa på samme utfall av kampen, men med litt mindre dramatikk denne gong.

 

Oppkøyringa på trening etter Norway Cup har vore god. Men treningskampen mot Rosendal (seier 4-1) vitna og om at ein hadde ein del å forbetra, då den kampen var alt anna enn god frå vår side. Me håpa at laget heva seg fleire hakk til kampen mot Lyngbø fredag kveld.

 

Gutane tok komandoen frå start i medvinden. Me var aggressive i presset og sørga for at Lyngbø ikkje fekk til noko spel. Sjølv om me rota litt på siste tredjedelen av banen, der ofte måla bli scora, vitna spelet om at da bare var snakk om tid før dei store sjansane ville by seg. Og etter 8 minutt slår Oliver ein flott ball over forsvaret til Lyngbø. Marius er på løp og set ballen iskaldt mellom beina på keeper, 0-1! Og gutane bare fortsatte køyret etter målet. 4 minutt seinare held me oppe trykket mot Lyngbøforsvaret. Patrick finn Ruben til høgre og han banker inn 0-2 via keeper!

 

Lyngbø har til nå ikkje hatt ein sjanse. Men etter målet slepp me litt opp på trykket og dei kjem meir inn i kampen. Eit par store spelerar skaper litt trøbbel for oss på corner, men i mål har me Magnus, som rydder opp i det meste. Men, 33 minutt ut i kampen kjem da ei redusering ut av ingenting. Lyngbø kjem rundt på venstresida og får lagt inn. Ballen hamnar utanfor 16-meteren og i ein 50/50 duell tar ballen turen i ein fin bue over Magnus og i mål, 1-2. Litt tilfeldig, men slik er nå ofte fotballen.

 

I motsatt ende har me eit par gode mulighetar, men resultatet står seg til pause. Gutane virkar noko skuffa i pausen. Frå å ha ekstremt god kontroll på kampen, til at det nå var spaning igjen. Her var det bare å sørga for å ikkje gi motstander tru på siger. Full innsats i motvinden!

 

2 minutt er gått av omgangen når me set i gong eit mønsterangrep. Me vinn ballen på egen halvdel. Spelar oss fri i midten, der Henning slår ein flott diagonalpasning til Daniel, som er på veg inn i banen frå si kantrolle. Nydeleg medtak av Daniel og iskaldt plasserer han ballen til side for keeper, 1-3!

 
Klikk på bilete for full storleik
Vebjørn Holmedal.

Lyngbø er meir med i kampen i denne omgangen, som natureleg er i medvinden. Eit par tekniske spelera lurer av våre spelerar og kjem til gode sjanser. Men enten går avslutningane utanfor eller så reddar Magnus. Dei hadde og eit ekstra våpen på corner i form av ein spelar på nesten 2 meter. Til og med Sander blei liten mot han. Men me står imot trykket og klarar etterkvart å styre kampen igjen. 

 

13 minutt før slutt set Vebjørn fart framover frå sin høgre back posisjon. Han stormer inn i banen og får høglytt beskjed om å skyta når han er 25 meter frå mål. Vebjørn er ein lydig gut og smeller til. Ballen fyk inn krysset bak ein forfjamsa Lyngbø-keeper, 1-4! 

 

Lyngbø gir på ingen måte opp. Og 5 minutt før slutt reduserer dei til 2-4. Gjennomspelet går via handa til Henning og til ein Lyngbøspelar, som set den inn bak Magnus. På veg tilbake for starte på midten igjen, finn dommar ut at sidan ballen har truffe handa til Henning, så må han få gult kort. Den skjønte me veldig lite av og det gjorde hatt dei siste minuttane blei noko hektiske. Men gutane kjempar godt og tar med seg alle poenga med seg heim (heime 00.45 på natta).

 

God start gutar. Ein del positive ting å ta med seg og stor heving av prestasjonar i forhold til siste treningskamp. Litt har ein sjølvsagt å jobbe med, men alt er lettare etter ein god start.

 

Laget:

Magnus Eide, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Tobias Tvedten, Oliver Lygresten, Simen Mehammer, Patrick S. Fjelland, Henning H. Solheim, Daniel Normann, Ruben Saug, Marius Quam, Sander E. Vevik, Jonas Tazo.

 

Mål:

0-1 (8) Marius (Oliver), 0-2 (12) Ruben (Patrick), 1-2 (33), 1-3 (42) Daniel (Henning), 1-4 (67) Vebjørn, 2-4 (75).

 

- Verner -

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart