|
Flott cupoppleving i Ål |  | | Jublande gutar var godt nøgde med innsatsen på Ål Cup. |
| | | | G14: Smågutane deltok på Ål Cup forrige helg. Grunna Husnes Cup kjem referatet uanstendig seint, men her er det på plass. Tek også med kort omtale av dei to seriekampane vi har spelt i etterkant. | | |  | | Eirik testar skotfoten. |
20 gutar la i veg til Hallingdal fredags ettermiddagen. Vi skulle delta på Ål Cup med to lag, eitt 11ar og eitt 7ar. Litt få folk til den oppgåva, så med litt lån i mellom skulle det bli mykje speletid på alle. Og sågar meir enn vi trudde, for begge laga gjekk lenger enn vi hadde våga vente oss på førehand. 7arlaget heilt til bronsefinalen i A-sluttspelet og 11arlaget til B-finalen. | | | Det vart ei flott turnering, godt organisert av 100-årsjubilanten Ål IL, med flott ver og god stemning blant både spelarar og ei stor samling foreldre som var med på turen. Vi koste oss frå første til siste sekund. Ein stor takk til bussjåfør Are Uppheim, som heldt ut med ein støyrik og spent gjeng på veg oppover - noko rolegare på veg heimatt :) | | | Underteikna har ein stygg uvane med å vera stor i kjeften. Heldigvis slapp eg unna lovnaden om is til alle viss minst 3 gutar slo trenaren i skotkonkurransen, for det var det berre ein som klarte. Tarmo noterte 97 km/t på høgreslegga si. Verre var det at gutane skulle få lage stripe i håret på trenaren for kvar siger laga tok. Vi er ikkje vane med å vinne så ofte, så det skulle vera eit trygt veddemål. Men gutane tok heilt av og vann eine kampen etter den andre, så sveisen såg slett ikkje bra ut til slutt... | | |  | | Vegard noterte 7 mål på 3 kampar i gruppespelet. |
7arlaget til bronsefinale i A-sluttspelet For særleg 7argjengen imponerte. Deira prestasjon er kanskje det underteikna er mest kry over etter cupen. Der spelte 6 fast av dei minste karane vi har, nokre av dei slit gjerne litt på stor bane, samt 5 stk som vi byta på å låne frå 11argruppa. Vi møtte Ask frå Askøy i første kamp og her varta gutane opp med kombinasjonar som vi nesten ikkje har sett før. Vegard var alldeles i fyr og flamme i helga og avgjorde kampen med eit ekte hat trick. Han knekte endeleg koden med å slå-og-gå. Der det før har vore mykje føring, fekk han no heller ballen igjen og skotfoten har det aldri mangla noko på. Første målet var eit dobbelt veggspel med Ole og Daniel, på det andre nikka han inn returen etter ein susar i tverrliggaren frå Yonas og det tredje var verdt inngongspengane åleine. Ein herleg chip etter ei strålande frispeling av Jonas. 3-0 og ein pangstart. (Ask vann sidan B-sluttspelet i cupen.) | | |  | | Hektisk helg: Begge lag spelte 5 kampar på 2 dagar. |
Neste kampen vart puljefinale. Hafslo frå Luster i Sogn var gode og tok leiinga ein gong i kvar omgang. Ved begge høva svara Fausk'en med utlikning rett etter. Fem mål på to kampar av den unge herøysundaren! Så hamra Mathias inn 3-2 og det sto neeesten til slutt, for heilt på tampen fekk Hafslo utlikna til 3-3. Greit nok, kampen var heilt jamn. Siste gruppekampen gjekk så søndag morgon mot Bønes. Nok ein bergensklubb altså. Her vann vi solid 2-0, etter scoringar av...gjett kven? Vegard! | | |  | | Triohattane kan brukast til så mangt. |
Dermed puljesiger og plass i A-sluttspelet. Det besto berre av 4 lag, dei tre puljevinnarane pluss beste toar. Ergo høgt nivå, og vi fekk køyrd oss i semifinalen. Øyer-Tretten var veldig robuste og vann heile 6-0. I bronsefinalen kom vi også til kort mot Kringlebotn. Då, som i fleire andre kampar hadde 11arlaget kamp rett etter, så vi hadde ein kabal med å halde nok folk på banen samstundes som vi hadde 11 mann klare på neste bane. Så veldig slitne gutar måtte sjå bronsen glippe. Det kom eit par baklengs til på slutten og kampen endte 0-4. Men ein fantastisk innsats og prestasjon i cupen! | | | På 7arlaget spelte: Vegar Teigen, Jonas Teigen, Yonas Debesay, Vegard Fausk, Daniel Sørtveit, Robin Steinsletten. I tillegg byta Marcus, Tarmo, Espen, Mathias og Ole M på å bidra på laget. | | |  | | Jubel for siger i første kamp. |
11arlaget til B-finale 11arlaget var då dei 14 øvrige som var med og dei opna med å slå vertsklubben Ål 2-1 laurdag morgon. Ein god kamp av oss der vi hadde veldig god kontroll defensivt. Ål hadde ein veldig rask og god spiss som også reduserte på tampen, men Espen og Mathias demma veldig godt opp for han i resten av kampen, som vi hadde godt tak på. Samson gav oss 1-0 då han var på plass framom mål på Sander sitt innlegg. Det andre gjorde Sander sjølv då han stakk i bakrommet på eit framspel frå Tarmo. Dermed 2-1 og siger i første kamp. Andre kampen endte dog med eit irriterande tap. 0-1 for Erdal etter ein dårleg kamp frå vår side. Likevel mest irriterande då motstandaren var noko usportslege og ikkje kasta tilbake til oss etter skade i forkant av scoringa. Erdal vann sidan A-sluttspelet. | | | Pyttsan, tredje innleiande kamp spelte vi 1-1 mot Re FK søndag morgon. Vi hadde betre målskilnad enn dei og ville klare andreplassen i pulja med uavgjort. Vi hadde godt tak på kampen og sjølv om Re gjekk tidleg opp i 0-1, hadde vi god kontroll. Eirik sto for utlikninga då han banka inn Tarmo sitt innlegg. Andreplass i pulja heldt likevel berre til B-sluttspel, då kun beste 2ar gjekk til A. | | |  | | Bjørn legg slagplanen. |
Semifinalen mot Nordsiden vart kanskje cupens høgdepunkt for oss. Vi møtte eit godt lag, men leverte ein heltemodig innsats, der alle kjempa til krampa tok dei. Som alltid på cup hardnar det til når det blir sluttspel og det var kjekt å sjå gutane tok utfordringa, bretta opp ermene og gav alt i både duellar og løp. Simen vart matchvinnar med eit skikkeleg innsatsmål tidleg i kampen. Men sanneleg må matchvinnaren i andre enden også nemnast. Tormod leverte nokre redningar som hadde fått Gordon Banks til å måpe. Og trass i hardt press i mot utover i andre omgang, kjempa gutane som løver og rodde sigeren i land! | | |  | | Slitne gutar på slutten av turneringa. |
Plass i B-finalen var sikra, men sigeren var nok ei utladning og i tillegg måtte Isaac på legevakta med knekt nase. Finalen vart mest ein kamp om å halde 11 mann på banen til ei kvar tid, der kreftene var oppbrukt og småskadene florerte. Dermed fekk også Hemsedal vinne kampen 2-0, utan at vi klarte å mobilisere nok til å truge dei om sigeren. Like fullt ein strålande prestasjon av våre gutar og ein liten pokal vart det også. Stolte gutar, stolte foreldre og stolte trenarar. Ein skal ikkje nekte for at det kom ei lita tåre etter semifinaleprestasjonen :) | | | 11arlaget: Tormod Sund Vårdal, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Isaac Jørgensen, Eirik Kjerpeseth Rusten, Tarmo Tars, Marcus Nilsen Mathisen, Gaute Thorkildsen, Benjamin Skarveland, Samson Nyrud Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Espen Aakre Sjo, Simen Hellevik Lie og Edvin Vågen Bjørgvik. | | | Totalt sett ei kjempehelg, med god stemning og god oppførsel. Ingen problem å reise på cup med så kjekke gutar. | | | Så er haustsesongen også i gong. Her er kort om dei to kampane som er spelt etter Ål Cupen. | | | Trio1-Rosendal 1-3 (1-2) Vi gav det gode Rosendallaget god kamp på Kvednabekkjen og defensivt gjorde vi i store periodar ein god kamp. Klarar vi å skru enda eit par hakk opp i aggresiviteten utan ball, så blir dette bra. Framover kunne vi med meir nøyaktighet skapt enda meir, og fått fleire mål enn Lars si eine redusering rett før pause. Då hadde Rosendal akkurat fått score sitt andre på enkelt vis, men første målet var derimot eit praktmål etter flott spel. I andre gjekk bortelaget tidleg opp i 1-3, men derifrå klarte vi å tette godt igjen og kjempa veldig bra. Ein god kamp av mange. Espen var ei legende i midtforsvaret og Gaute kom inn og gjorde ein fantastisk innsats. Elles ser vi at vi mot gode lag får Sander meir involvert når vi trekker han ned som indreløpar og han gjorde ein solid prestasjon der. Laget: Torstein, Eirik, Mathias, Espen, Ole Martin, Tarmo, Marcus, Sander, Mads, Lars, Benjamin, Gaute, Anders, Alen. | | | Stord1-Trio2 14-1 (9-0) Vi fekk juling mot eit sterkt Stord1-lag, som diverre mista plassen i 1.divisjon etter vårsesongen. For der høyrer dei heime. For vår del skrapa vi saman nok støle og slitne bein etter mykje speling på Ål Cup i helga, og det var ikkje så overraskande at vi fekk køyrd oss. Men så tafatte og passive som vi var før pause, hadde vi ikkje trengt å vera. Nokre korrigeringar i pausen betra prestasjonen og vi fekk oss eit mål av Martin. Men framleis var Stord eit par hakk betre og resultatet vart store sifre. Tormod var vår bestemann i denne kampen, medan Sander får største plussen av utespelarane. Med på kampen var: Tormod, Jonas, Mathias, Espen, Torstein, Samson, Simen, Marcus, Martin, Edvin, Daniel, Gaute, Vegard F. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |