Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Bremnes - Trio 1-0

Klikk på bilete for full storleik
Futsum klarte ikkje å straffa sine gamle lagkameratar på Bremnes
 
Trio reiste tirsdag kveld til Olvondo stadion på Bømlo for å møta Bremnes. Himmelen åpna seg da lagene gjekk ut på banen, noko som oppsummerer formen Trio har vist i det siste. I høst har me tre tap av tre mulige og 0-5 i målforskjel. Det er ikkje bra!
 

Lagoppstilling: 4-3-3 (4-5-1)

 

Eirik W. Eikeland

Vemund L. Grønstøl, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander B. Ekeland

Futsum Mebrathu, Endre Eide, Håvard Haga

Simon Korttila, Roger Røssland, Andreas Thorkildsen

 

Reserva:

 

Martin Veastad, Lars Bernhard Heggøy, Olav Myklebust, Andreas Eide

 

Bremnes - Trio 1-0 (0-0)

1-0: 85 min.

 

Kjell Magnar gjorde to bytter fra forrige kamp. Eirik W. Eikeland har vore god på trening etter sommarferie og fekk no sjansen mellom stengene. I tillegg fekk Thorkildsen muligheten som venstrekant for Martin.

 

Som i kampen mot Fitjar sist helg sleit Trio med å finna dynamikken og flyten i spelet. Me vart springande for mykje i mellom og me klarte ikkje å plukka opp løpa som kom fra midtbanen. I tillegg så sleit me litt med bevegelsane framover på banen noko som gjorde at Bremnes ikkje hadde store vanskar med å forsvara seg. Passningane var også til tider upresise og me fekk nokre brudd i mot. Dei gangane me fekk skuddmulighet så var avslutningane enten altfor slappe eller så for ballen høgt over mål. 

 

Bremnes hadde dei største sjansane utan at dei viste noko særleg finspel heller. Eirik redda mesterleg opp dei skota dei hadde eller så fekk forsvaret blokkert skuddforsøka. I eit forsøk på å få betra bevegelsen og spruten framover så gjorde me eit tideleg bytte. Simon vart tatt av etter bare 30 minutt og Martin kom inn. Det hadde dessverre ikkje den store effekten me ønska men me skapte litt fleire halvsjansar. 

 

Då dommaren bles til pause var det mange fortvila Triospelera som hang med hovuda på vei inn i garderoben. Kjell Magnar var heller ikkje fornøyd med det han såg og la om formasjonen til 4-4-2 (4-4-1-1). Han tok også av Thorkildsen og satte innpå Lars Berhard. Vi vart enige om å pressa dei høgare i banen og vera mykje meir presise i oppspelsfasen. Me måtte også begynna å setta keeperen deira meir på prøve med langskudd og høge innelegg frå kant.

 

Trio betra spelet sitt litt i andre omgang. Me fekk til nokre gode kombinasjona på kantane og me klarte å skapa litt farlegare sjansar. Bremnes var også farleg frampå og spesielt når dei fekk bryta når me stod høgt i banen. Eirik rydda nok ein gong mesterleg opp og redda oss ved to anledningar då Bremnes kom aleina med keeper.

 

Då kampen nærma seg slutten kunne begge lag notera seg for store sjansar. Martin hadde eit raid der han dribla 3-4 mann og kom aleina med keeper. Men ballen sklei av foten då han skulle avlsutta og for himmelhøgt over målet. I staden var det Bremnes som fekk muligheten til å avgjera kampen. Bremnes klarer å bryta når Trio var på veg framover. I overtall får dei satt opp sin raske venstrekant. Han gjer ingen feil aleina med Eirik og sett inn vinnarmålet i det uret til dommaren nærmar seg 90 minutt.

 

Trio betra seg litt fra forrige kamp men makta heller ikkje i dag å scora mål. Kampen kunne ha bikka i Trio sitt favør dersom me hadde vore litt kvassare foran deira sekstenmeter. Me har rett og slett ikkje heilt flyten for tida men me er alle sikre på at vi skal snu det. Nedrykk er ikkje eit tema i garderoben! Utover høsten kjem vi til å ta mange store skalpa og vi skal begynna med Solid den 5 september.

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart