|
Slapt tap mot Halsnøy | | G14: Trio1-Halsnøy 3-4. Smågutane leverte ei daff forestilling på Kvednabekkjen torsdag kveld. Og som vi også erfarte eit par gonger i fjor, er det nettopp det som skal til for at Halsnøy skal slå oss. Innsats er dei fulle av og det heldt til ein fortent siger til gutane på balløya. | | | Kampen var jamnspelt frå A til Å og det er jo for så vidt spanande. Men prestasjonane vi leverte var ganske labre i dag, og det mangla glød over heile linja. Veldig få av gutane virka å klare å ta seg skikkeleg ut, og då vinn ein ikkje fotballkampar. Nokre av våre gjekk av banen om lag utan å ha vunne ein einaste duell.
| | | Vi gjekk i føring ved eit langskot frå Tarmo, då han vart sett opp av Ole Martin. Nettopp Ole Martin var nok vår bestemann i dag. Ein av få som bretter opp ermene og leverer ein dugeleg innsats, sjølv om pasningsspelet ikkje sat så veldig godt for han heller. Midt i omgangen utlikna Halsnøy på corner, etter at tre av våre dekka kvarandre på første stolpe og ingen såg på noko anna enn ballen.
| | | Vi fekk 2-1 ved Samson etter assist frå Yonas, men eit sjølvmål gjorde at vi var like langt til pause. Og Halsnøy fekk gå i føring tidleg i andre omgang etter ein forsvarsmiss. Vi kjem til ein del store sjansar, men burde klart å skape mykje, mykje meir. I staden går Halsnøy opp i 2-4 kvarteret ut i omgangen. Fem minutt seinare reduserer Tarmo på eit raid. Med 3-4 vaknar vi litt til liv og pressar på siste kvarteret. Men vi kom ikkje nærare enn eit skot på innsida av stolpen, også det ved Tarmo.
| | | Sidan dette var 7arkamp, var vi mange spelarar i dag (12). Utgangspunktet var at alle fekk kvar sin omgang, men likevel klarte vi altså ikkje å få særleg intensitet i den tida vi var på banen. Gutane var ikkje påskrudd, som det så populært heiter. Vel, det er ikkje noko anna ord som skildrar det betre. Vi kan betre enn dette karar, det må vi vise mot Stord på søndag! Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio1-Halsnøy 3-4 (2-2) 1-0 (5 minutt) Tarmo Tars 1-1 (16 minutt) 2-1 (23 minutt) Samson Nyrud Uppheim 2-2 (31 minutt) 2-3 (37 minutt) 2-4 (49 minutt) 3-4 (55 minutt) Tarmo Tars
| | | Dommar: Henning Solheim - banens beste Ingen kort.
| | | Trio sitt lag: Vegar Teigen, Jonas Teigen, Tarmo Tars, Yonas Debesay, Ole Martin Byrknes, Eirik Kjerpeseth Rusten, Samson Nyrud Uppheim, Marcus Nilsen Mathisen, Vegard Fausk, Simen Hellevik Lie, Robin Steinsletten, Daniel Sørtveit.
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |