Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kontrollert bortesiger i ufyseleg ver

J16: Etne-Trio 0-3. J16 tok fatt på hausten torsdag kveld med ein kveldstur til Etne. I lyn, torden og pøsande regn leverte jentene ein solid bortekamp og tok med seg 3 poeng og 3 plussmål med heim til Husnes.
 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Sofie (13).

Med to 13-åringar (Sofie Lillesand og Hedda Sundsteigen Tangstad) frå start, opplevde vi ein litt spesiell innledning på kampen. Marie og Ester pleier normalt markera seg godt på sentral midtbane, men i første 10-15 minutta på kunstgraset i Etne syns vi dei alltid var i undertall og sleit med å ta midtbanen. Ein våken Ørjan N. begynte plutselig å telle Etnespillere og kom fort til 11 utespillere (?!). Dommaren blei gjort oppmerksom på blunderen og kampen fortsatte med 11 mot 11. Med like mange på banen blei det litt meir rom og vi fekk gradvis tak på kampen og spelet til å sitte.

 

Men det var åpenbart at Etne var betydelig bedre i dag enn då dei tapte 0-10 på Husnes i vår. Etter ein knapp halvtime får vi uttelling og 2 kjappe mål. Først er June aggressiv på ein god corner frå Synne og kranglar inn ledelse til oss. I angrepet etter må Etne sin keeper gje retur på eit godt skudd frå Ester. Sofie var på hugget som spiss og sett returen sikkert til side for keeper. Ikkje lenge etter får Ester ein vridning/overtrakk på høgre ankel og må ut. Ho såg resten av kampen frå sidelinja med ispose på ankelen. Vi måtte dermed klara oss uten vår mest sentrale offensive spelar og June blei flytta inn sentralt med Marie. 15-åringane klarte seg godt der ut kampen. Vi kontrollerer inn til pause med 2-0. Vi har eit par store sjansar til, blant anna Sofie åleine gjennom og Susanne som blir soleklart hekta i det ho skal score frå kort hald, mister balanse og ballen forsvinn. Ho «glømte» i farten å detta og får då ikkje ein straffe som er 100% opplagt. Hørt det før….?

 

Andre omgong er svakare og vi produserer ikkje så mange sjansane. Sofie brukar farten og spring frå Etne jentene ved et par anledningar og får satt ein til i nettet. 3-0 og ein grei seier. Solid forsvarsspel av heile laget gjer at Etne ikkje kjem til ein einaste stor målsjanse. Spesielt midtforsvaret med Hedda & Madel var bra i dag. Hedda imponerte stort då ho vart kasta utpå som midtstoppar og var god i samfulle 80 minutt. Sofie fortener og skryt for 2 fine mål og bra spel. Fungerte godt i lag med Susanne på topp der Susanne tok meir duellar og holdt på ballen til laget kom etter, mens Sofie trua bakrommet.

 

Tøff kamp for jentene om ei veke, langtur til Åsebøen for å møta Kopervik i haustform. Dei banka Trott 6-1 borte i kveld.

 

Trio sitt lag:

Lea S. Dalland, Mariel M. Madsgård, Hedda S. Tangstad, Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Marie Normann, Vilde Teigen, Susanne P. Kabbe, Sofie Lillesand, Jannike Røssland, Zumilana Eldi.

 

- Trenar Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart