|
Tap og siger i dei to fyrste haustkampane | | Trio G13 har starta haustsesongen med eit tap og ein siger, i to jamnspelte kampar mot Bremnes og Haugar. | | | Sist søndag møtte vi Bremnes borte. Vi hadde eit 5-3-tap frå i vår vi ville hevna, og gutane starta kampen bra. Spelet gjekk langs bakken og vi klarte skapa nokre halvsjansar, men utan å lykkast med å setja ballen i mål. Etter kvart jamna kampen seg meir ut, og det vart fleire dueller og langpasningar enn det vi hadde planlagt. Ingen av laga skapte dei store sjansane, så det var greitt å gå til pause på stillinga 0-0. | | | Andre omgang starta som den fyrste, med godt spel av gutane våre. Dei tråkka til i duellane og fekk spelet til å sitja, men den siste pasningen og avslutningane vart for upresise. Etter halvspelt omgang fekk vi fyrste målet i mot. Etter litt usikkert spel i dei bakre rekkjer etter eit hjørnespark, vart det, etter litt klabb og babb føre mål, Bremnes som gjekk opp i leiinga. Spelet fortsatte med å bølgja fram og tilbake, og etter 20 minuttar auka Bremnes til 2-0 etter eit flott langskot. Men gutane gav ikkje opp, og berre eit par minuttar etter reduserte vi til 2-1 etter flotte kombinasjonar på høgresida vår. Mads legg hardt inn føre mål der Lars er på plass og set ballen kontant i mål. No fortset vi å pressa på for utlikning og skapar fleire gode sjansar, men vi lykkast ikkje med å setja ballen i mål. Det vert difor eit knepent og surt tap for eit Bremnes-lag vi er fullt på høgde med. | | | I dag var det Haugar sin tur til å gjesta Kvednabekkjen. Gutane var tente og skjerpa før kampstart, og ønska å visa kva dei var gode for. Vi fekk i dag utteljing tidleg i kampen. Etter berre 9 minuttar var det Daniel som satte eit frispark kontant i mål frå ca 20 meter. Også i kveld viser gutane til tider glitrande samspel, men utan at vi klarar å omsetja spelet i store målsjansar. Det går difor nesten heile fyrsteomgangen før det andre målet kjem. Også denne gongen er det Daniel som fyrer av på eit frispark, som vert redda av målvakten. Men framføre mål ligg Brynjar klar med høgreslegga og bankar ballen i mål. | | | Andre omgang vert som fyrste. Gutane våre prøver å spele ball, og lykkast til tider godt. Vi skapar nokre sjansar som med litt flaks kunne enda med mål, men kampen endar med ein 2-0 siger. Haugar var eit hardtkjempande lag med heller store spelarar. Når vi slit litt med høgda og fysikken er det då kjekt å sjå at gutane likevel trør til i duellane og viser tendensar til flott kombinasjonsspel på midten og framover på banen. Men vi har litt arbeid å gjera med presisjonen og besluttsomheten føre mål. Bakover på banen spelar gutane veldig bra, og Haugar har berre 3-4 skot på mål i heile kampen. Med knallhard defensiv jobbing, uredde i duellspelet og ei målvakt som har starta sikkert, ser det ut for at det kan bli vanskelig å skora mål på oss i haust. | | | Spelarar: Torstein, Sander S, Joakim, Isak, Mads, Daniel, Brynjar, Martin, Lars, Marcus, Magnus V, Alen. | | | | - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |