|
Loddefjord 1 eit nr for gode | | | | | G16: Trio/Halsnøy1-Loddefjord1 1-5. Gutelaget møtte Loddefjord 1 på laurdag. Kampen på Kvednabekkjen blei vel aldri spennande, då Loddefjord viste seg å vera meir robuste og eit betre lag enn oss. 1-5 svir ekstra på heimebane. | | | I vår tapte me kampen mot Loddefjord 6-0. Me hadde allikevel håp om å gjera ein betre figur, då 4 av måla den gong kom på under 10 minutt. Laget var vel av favorittane til å rykke opp til 1.divisjon før haustsesongen, men Nymark sneik seg framfor på målstreken.
| | | Me planla å opne med knallhardt press og ta kommandoen på heimebane. Lett å planlegga, men litt vanskelegare i praksis mot eit så robust lag. Midtbanen deira var vel 2 hovud høgare, 20 kilo tyngre og gode fotballspelera. Så den delen av banen tapte me relativt tidleg. I tillegg hadde dei ein veldig god teknisk spelar i rommet mellom angrep og midtbane, som gjorde livet surt for stopparane våre. Allereie etter 15min stod det 0-2. Me hang ikkje med og var vel i grunn heldige som ikkje låg under meir. Kanskje bergenserane tålte regnveret betre enn oss, då slusene opna for fullt?
| | | Loddefjord skal ha skryt for spelet dei leverte, men me 'hjalp' dei til tider og. Returløpa var ikkje gode nok og me mista ballen altfor lett i oppbygginga av spelet. Dels på grunn av unøyaktighet av ballførar, men og på grunn av manglande bevegelse rundt ballførar. Loddefjord auka til 0-3 før pause og da var ein noko slagen gjeng som kom ruslande mot benken. Rett nok hadde me heva oss litt dei siste minuttane før pause, og om me kunne fortsette dette i starten av 2.omgang, så...
| | |  | | God 2.omgang av Sander. |
Omgangen opna med sjansar begge vegar. Både Niko og Vebjørn hadde gode mulighetar, men da var ikkje før Jonas tok saken i egne hender, 20 min ut i omgangen, at reduseringa kom. Han vinn ballen 40 meter frå mål og avanserer 15 meter før han meier ballen opp i vinkelen, 1-3! Nå augna me håp om at momentumet i kampen skulle snu!
| | | Me satsa litt meir offensivt for å få ei redusering til, men kom ikkje til gode nok sjansar. Loddefjord hadde eit gir til og i dei siste 10 minuttane av kampen var da liten tvil om at poenga blei med bergenserane heim. 1-4 og 1-5 kom før dommaren til slutt bles av kampen.
| | | Av og til må ein bare innsjå at motstandaren er betre enn oss. Loddefjord kjem til å kjempa om sigeren i 2.divisjon, saman med Os 1, vil me tru. Me skal allikevel framstå litt betre enn det me gjorde laurdag. 10% heving av prestasjonar frå alle saman, vil gje underverker i neste kamp mot Eikelandsfjorden. Me har trua på at ein kan vinna alle kampar som gjenstår om ein får ut potensialet :-)
| | | Laget: Magnus Eide, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Tobias Tvedten, Oliver Lygresten, Patrick Fjelland, Henning Solheim, Ruben Saug, Marius Quam, Simen Mehammer, Daniel Normann, Sander E. Vedvik, Jonas Tazo, Nikolai Mayer.
| | | Mål: 1-3 Jonas Tazo
| | | - Verner og Bjarte -
| | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |