|
Sommarleg båttur til Ølve | | | | | J11: Strand-Ulv-Trio 1-5. Etter at pappa til Margrethe foreslo å droppa bil og ferga og heller ta båt over fjorden, satte vi av gårde frå båthavna i Herøysundet i strålande sol og med godt mot til borteoppgjer mot Strand/Ulv. | | | Kampen starta lika strålande som sola skein for jentene i dag, på trening denne veka snakka ein del om dette med at forsvaret skal stå høgt når vi har ball og bryta angrep imot så tidleg som mulig. Der to forsvararar står i rygg på spiss medan siste er fri til å plukke klareringar som blir slått mot midten. Dette gjer forsvaret vårt til punkt og prikke i starten av kampen, det er rett og slett strålande å sjå kor flinke jentene er på det vi trener, og fokuserer, på. | | | Det er og på denne måten første målet vårt kjem på, etter litt klabb og babb i feltet får Strand/Ulv klarert ut mot midtbanen bare for å sjå at Ingeborg klinkar til på direkten og rett i mål, 1-0. 2-0 kjem like etter ved eit kanonmål av Synna, 3-0 er det og Synna som står for. Ingeborg bryt igjen tidleg på midtbanen og har eit kjemperaid langs sidelinja, ho legg fint inn framfor mål og der står Synna klar til å setta inn sitt andre og vårt tredje mål for dagen. | | | Vi har god kontroll på denne kampen, jentene jobbar knallhardt og er skikkelig flinke i å bruka sidene slik at vi får mange innlegg. Det er og god bevegelse framfor målet slik at vi skapar mange fine sjansar der vi med litt meir hell og dyktighet kunne scora mange flotte mål. 4-0 kjem til på denne måten, Ragnhild bryt eit Strand/Ulv angrep på midtbanen, sentrer fint til June Marie som fører ballen langs sidelinja. Aurora har eit strålande løp framfor målet og når innlegget kjem er det bare for ho å pirka ballen forbi keeper. | | | Vi går tilpause med ein strålande 4-0 ledelse etter ein av våre absolutt beste omgongar nokon gong. I og med atvi leder med 4 mål starter Strand-Ulv andre omgong med ein ekstra spelar, dette gjer at denne omgongen blir mykje jevnare og spelet bølger litt fram og tilbake. Sjølv med ei jente mindre på banen fører vi kampen og skapa rein del sjansar, på 5-0 fører June Marie ballen inn framfor målet og sentrer til Aurora som skyt, keeper er på ballen men klarer ikkje få nok fingrar på og den snik seg inn ved stolperota. | | | Etter sommaren vi har hatt i år er det nesten for gale å skylde på varmen, men på slutten av andre omgong må vi gjere hyppige bytter då jentene er slitne og treng litt væske. På tampen reduserer Strand-Ulv til 5-1 etter eit godt raid og skudd, dette var for så vidt fortent då dei hadde mange fine sjansar på dette tidspunket. Victoria som stod i mål i andre omgong reddar dei fleste forsøk amen må altså plukke denne eine ballen ut av nettet. | | | Etter kampener jentene strålande nøgde med resultatet, trenar Mathisen er stolt over prestasjonen og ein nærare euforisk facebookreferent Hillestad lovar is tilalle for å feire sigeren. I og med at vi reiste med båt, og ikkje trong haste av gårde for å nå ferga, hadde vi oss ein is-pause på Jokeren på Ølve før vi vendte nasa mot Herøysund igjen. | | | - Trenar Bjørn Bj. Mathisen. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |