|
Seier mot topplaget | | | | | G13: Trio-Nord 2-0. I kveld var det klart for ny kamp for Trio G13 på Kvednabekkjen, og på motsatt side stod Nord. Dei har opna haustsesongen med to strake sigrar, og toppa tabellen før denne runden. Vi var difor noko spente før avspark, men fokuset var som alltid på eige spel, og vi gjekk til avspark med eit mål om å ta tak i dette frå start. | | | Vi må jo sei at overraskinga vart stor då vi møtte eit lag som stod og venta på oss ved midtstreken. Aldri tidlegare har vi møtt eit lag som har vore så defensivt orientert. Vi fekk setja spelet i gong kvar einaste gong frå eigen målvakt, men det vart vanskeleg å finna dei rette pasningane og romma når Nord låg så kompakt som dei gjorde. Likevel viser gutane innimellom flott spel. Dei klarar å få ballen til å gå langs bakken, med god presisjon og stort tempo. Ved dei anledningane klarte ikkje Nord å henga med. Men det vart lite med målsjansar. Vi har vel bare eit par gode sjansar i løpet av heile fyrsteomgangen. Det går difor heile 32 minuttar før vi klarar å setja inn leiarmålet. Etter flott klikk-klakk-fotball sentralt i banen, tek Daniel ballen med seg mot mål, lurer av eit par mann, og plasserer den kontrollert nede i hjørna. Ei velfortent 1-0 leiing til pause. | | | I pausen snakkar vi om pasningstempo, bevegelsar rundt ballførar, og at vi må vera litt meir tolmodige og nøyaktige på den siste tredjedelen.. Men Nord ligg like kompakt, og vi slit med å få spelet til å sitja skikkeleg. Gutane prøver så godt dei kan, og gjer som vi har blitt einige om, og innimellom ser vi litt av kva som bur i dei. Vi klarar å skapa 2-3 gode målsjansar, men lukkast ikkje med å setja ballen i mål. 2-0 kjem likevel. Martin slår ein god langpasning opp i midten, og Mads jobbar ballen med seg gjennom, og åleine med målvakta gjer han ingen feil. Ein fullt fortent siger mot eit ultradefensivt Nord-lag! Godt jobba gutar! | | | Desse var med: Torstein, Sander S, Joakim, Isak, Mads, Daniel, Brynjar, Martin, Lars, Markus og Emil. | | | - Tore og Osa | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |