Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Så sprakk det for jentelaget

J16: Kopervik-Trio 4-1. Jentelaget har mista mange spelarar sidan starten i vår og vi er nok ikkje lenger beste laget i divisjonen sjølv om vi leda tabellen før kamp i dag og for så vidt fortsatt ligg på topp. Med ytterligare forfall tett opp mot kamp var det eit ungt lag med 12 jenter med diverse småskader og sjukdom som tok jobben for laget på Karmøy torsdag kveld.
 

Marie, June og Sofie sleit alle med sjukdom, i tillegg har vi eit par halvskadde for tida. Desse måtte spela for at vi skulle ha lag i det heile, ikkje bra. Det vart for tungt for dei tapre jentene som til slutt måtte sjå seg slått 4-1 av eit godt Kopervik-lag på Åsebøen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av Lea.

Vi anar tidlig at det kan bli tøft. Lea gjekk inn i kampen med gryande migrene etter tøffe tak på «Survival Camp» på Tittelsnes og låg på innbyttarbenken ett minutt før start. Dette såg ikkje ut til å plaga ho i starten av kampen, då ho i kjent stil varta opp med eit par klasseredningar. Spesielt ein frå kort hald holdt høgt nivå. Gradvis jobbar vi oss inn i kampen og midtveis har vi fått godt grep om spelet og har flytta det opp på Koperviks halvdel. Etter godt pasningsspel, blir Jannike frispelt litt skrått venstre i 16-meteren. Ho ser ein åpning i langhjørnet og plasserer den vakkert til side for keeper og scorar sitt første mål for J16!

 
Klikk på bilete for full storleik
Banens beste: Vilde.

Ikkje lenge etter blir vi litt for «sløve» i presset og gir vekk for mykje rom. Då smell det frå 18m, eit kanonskudd over Lea. Deretter er det ganske jevnt, med eit lite overtak til Kopervik. Like før pause er vi uheldige. Kopervik spelar ut mot venstre der 2 spelarar ligg mistenkelig langt inne, men vi på linja står dårlig plassert i forhold til dommaren som bør kunna sjå dette. Både Kopervik trenar og tilskuarar bekrefta at det var klar offside, men dommar såg det dessverre ikkje med ei lav sol i mot. I angrepet etter får Vilde ein stor sjanse og smeller til etter innlegg frå June. Ho treff godt, men den gjekk over. 1-2 til pause.

 

Det ligg og vippar inntil midtveis i sluttomgangen. Då får Kopervik dessverre nok eit mål som er offside. Dei velger å spela på sin gode spiss som kjem gåande ut frå offside. Det blir lagt igjen, gjennomspelet kjem og dei scorar sikkert. Då går lufta ut av godt kjempande Triojenter og Kopervik øker til 4-1 på ein av fleire cornerar. Lea vartar og opp med ein enorm fotparade der ho viser reaksjonsevnen sin til fulle.

 

Eg syns Vilde og Lea var våre beste i dag. Ekstra ros til Marie også, som jobba godt sjøl om ho ikkje var heilt 100 fysisk. Jannike var og frisk som spiss i første omgang. ALLE skal ha skryt for å stilla for laget og kjempa så godt som dåke gjorde! Flott innstilling jenter!

 

No er det Djerv 1919 i 7ar kamp heime neste torsdag, før tøff bortekamp mot Bremnes om 2 veker. Viktig at laget samlar seg og at jentene tar ansvar og stiller opp for kvarandre no så vi kjem gjennom høsten på ein god måte. 

 

Trio sitt lag:

Lea Sofie Dalland, Mariel M. Madsgård, Hedda S. Tangstad, Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Marie Normann, Vilde Teigen, Sofie Lillesand, Jannike Røssland, Henriette Skarveland.

 

- Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart