Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Grei prestasjon på Bømlo

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Bremnes2-Trio2 7-2. Smågutane gjorde ein grei kamp mot Bremnes, som vi er vane med er eit par hakk betre enn oss. I dag var det berre eitt hakk betre og det var mykje positivt å ta med seg.
 

Vi har slite med corner i år og sluppe inn mange mål på det. Etter ein del øving i det siste, var målet å unngå det i dag. Det klarte vi bra i dag - med eitt ikkje spesielt heiderleg unnatak der vi gløymde oss heilt ut. Eit delmål også å score på corner og det nådde vi då Sander banka inn ein fin serve frå Ole Martin.

 

Vi starta elles kampen bra i spel og synest vi var godt på høgde med motstandaren. Men dei var effektive, gjekk i føring på ein unødvendig straffe og auka på eit godt angrep noko etter. Pluss at dei kontra inn 3-0 etter kvarteret, det føltes surt etter at vi som sagt hadde hatt ein god start. Sjølv var vi nære då Vegard spelte vegg med Sander og la inn til Tarmo, som ikkje fekk nok dreis frå 10 meter.

 

Utover i omgangen sleit vi noko meir og Bremnes hadde meir trøkk mot oss i siste halvdel av omgangen. Men då mindre utteljing, sjølv om 4-0 kom rett før pause. Like fullt mykje bra å ta med seg og kjekt at vi heile tida våger å prøve å spele fotball langs bakken.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ny god kamp av Sander.

Bremnes starta andre omgang med å auke til 5-0, men sidan leverte vi ein godt gjennomført omgang, der vi spelte jamnt med dei. Sander reduserte først på ein susar frå 25 meter, og sidan altså ein gong til på corner. Kjekt han får utteljing i målprotokollen også, for han har vore vår formspelar nr 1 i det siste og storspeler etter å ha fått ei meir sentral rolle på midten. No er han altså også meir målfarleg som indreløpar enn han var på kanten i vår :)

 

Alen gjer ein god prestasjon på venstrebacken, der han spelte heile kampen, og i midtforsvaret har Espen og Mathias vakse fleire meter gjennom sesongen. Yonas kjempar bra på både back og kant og Marcus fekk verkeleg trøkk i midtbanen då han kom inn i den defensive rolla siste kvarteret. Og som sagt, mykje bra frå alle i dag! :)

 

På tysdag er det heimedyst mot Stord for dei som ikkje var med i dag, pluss nokre til.

Kampfakta frå Olvondo stadion

G14: Bremnes2-Trio2 7-2 (4-0)

1-0 (6 minutt) straffe

2-0 (11 minutt)

3-0 (25 minutt)

4-0 (32 minutt)

5-0 (37 minutt)

6-0 (50 minutt)

6-1 (53 minutt) Sander Dolonen Brækken

7-1 (55 minutt)

7-2 (70 minutt) Sander Dolonen Brækken

 

Dommar: Odd Inge Nesse, Bremnes - med onklar på Husnes :)

 

Trio sitt lag:

Vegar Teigen - Yonas Debesay, Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng, Alen Foric - Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Sander Dolonen Brækken - Vegard Fausk, Marcus Nilsen Mathisen, Benjamin Skarveland - Daniel Sørtveit, Robin Steinsletten.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart