Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Stortap i Haugesund

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Vard Haugesund-Trio 5-1. I går kveld var G13 til Haugesund for å spela mot Vard. Dette er eit lag som vi slo klart i haust, så gutane var ikkje nemneverdig nervøse før kampstart. Men det skulle visa seg at dette vart ein trøblete kamp for vår del. Vard trøkka til frå start, vant alle duellar og jobba og sleit i oss heile tida. Vi kom aldri opp i duellane, og vart springande ved sidan av motspelarane.
 

Vi klarte ikkje å komma inn i kampen i heile tatt. Det er difor ikkje ufortent at Vard går til pause med ei 2-0-leiing.

 

Vi prøver å få gutane til å heva seg før andreomgang, men dette var dagen då vi ikkje makta dette. Tidleg i andre omgang skorar Vard det tredje målet sitt. Joakim får seg ein skikkeleg smell i forkant av dette målet og må gå ut. Vi må gjera nokre bytter i laget, og prøver ta grep for å snu kampen. Men ikkje lenge etter kjem mål nummer 4 for Vard. Martin skorar eit trøstemål 5 minuttar før slutt, medan Vard får enno eit mål rett før slutt.

 

Dette vart altså ein kamp der vi mangla det grunnleggande: innsats og vilje til å gå i duellar. Utan at dette ligg i botn vil vi ikkje vinna fotballkampar. For å kunna setja i gong med spelet vi veit vi kan, må vi fyrst og fremst få tak i ballen. I går kveld vart det altfor sjeldan. Vi håpar vi kan læra av kampen, og ta dette med oss vidare. Dei to neste kampane vert heime mot Djerv 1919 og Bremnes, og då må vi vera med frå start om vi skal lukkast.

 

Spelarar: Torstein, Isak, Joakim, Sander S, Martin, Mads, Daniel, Brynjar, Lars, Marcus og Emil.

 

- Trenar Tore Olderkjær

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart