|
Flott heimekamp av 12-årsjentene | | | | | J12: Trio-Rubbestadneset 2-2. Jenter 12 – laget til Trio har måtta tåla ein del nederlag i seinare tida, både i serien og på Husnes Cup. Derfor var det ekstra kjekt for jentene når utlikninga satt i nettet eit minutt før slutt mot Rubbestadneset torsdag ettermiddag. | | | I vårkampen på Rubbestadnes tapte jentene 4-6. Vi spelte jevnt då og visste at vi på ein god dag kunne få eit resultat mot dette laget, då vi har tatt noken steg sidan i vår, spesielt i forsvarsspelet. Første omgang er heilt jevn. Med solid forsvar og med godt keeperspel av Helene holder vi nullen og 0-0 til pause. Det var tydelig at jentene var tente i dag for det var stor bedring i duellspelet frå mange av spelarane. Og i fotball kjem ein som kjent langt med innsats.
| | |  | | Flott kamp av Helene både i mål og i forsvar. |
Andre omgang er svært underholdande og spennande. Vi kjem under 0-1 etter at Madel først gjer ein god redning, men Rubben er heldig og får returen også og sett den i mål. Vi skapa rein del på lange innkast av Oliwia og på eitt av disse får Ida ballen og spring frå forsvaret. Ballen går kontant i mål og fortent utligning. Vi styrer no kampen og jager et seiersmål. Blant anna har Oliwia ei kanon heilt oppe i krysset som hadde fortent å gå inn. Fem minutt før slutt skjer det som ofte skjer i fotball, motstandar kjem på ein sjelden kontring og scorar. Det føltes svært surt og ufortent og vi unte jentene å unngå tap i dag. Synna lurte seg då litt opp i banen fra forsvarsposisjon og plutselig kom ballen og ho knalla til på direkten. Den går gjennom forsvaret og forbi keeper. Herlig utligning med kun eit minutt igjen å spela. Det endar 2-2 og kjekt å sjå smilande Triojenter gle seg over ein godt gjennomført kamp og uavgjort som belønning. Bra jobba jenter!
| | | God dommar var Jonas Teigen!
| | | Trio sitt lag: Helene V. Eikenes, Madel G. Gausvik, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Ida E. Brix, Luwam Tella, Nadine Morstad, Synne H. Lee.
| | | -Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |