Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God prestasjon mot velspelande Stordlag

G14: Trio1-Stord3 0-1. Vi kjenner 02-laget til Stord som veldig spelande, flinke å halde ballen i laget og lage bevegelse, brette rundt på kantane og med gode, kjappe spelarar. Vi bretta opp ermene og gjorde ein god innsats, sjølv om vi framleis har meir å gå på.
 

Kampen starta med Stordovertak, men etter kvart klarte vi å kjempe oss meir inn i det og få tak i ballen meir. For i starten vart vi stressa og klarte sjeldan å få til mange trekk. Vi snakka om å kome tett oppi motstandaren og halde formasjonen godt defensivt, og det klarte vi greit, i allefall til tider. Vi kan vera enda tøffare og enda meir oppi, men nekta i allefall Stord i å kome til mange store sjansar. 0-0 sto seg til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Særs god andreomgang av Ole Martin.

Vi hadde første store sjansen etter pause, då Mads kom gjennom, men keeper varta opp med ei flott eihandsredning. I staden gjekk Stord i føring på eit fint angrep. Her var vi på etterskot. Nok ein gong klarte vi å heve oss etter å ha vore bakpå i starten av omgangen og andre halvdel vart betre enn den første. Litt tøffare og med litt meir tru på at vi sjølv kunne få til noko. Ein god sjanse for oss på tampen også, då Eirik fann Samson føre mål, men dommaren blas for offside idet keeper også redda. Men også i denne omgangen nekta vi Stord store sjansar og det skal vi ta med oss.

Trioen Ole Martin, Tarmo og Sander gjekk føre med strålande innsats i dag, og blir beløna med å spele for G16-2 på torsdag. No har vi sjølv kampfri til måndag, men derifrå er det 5 kampar på 9 dagar, så det er mykje å henge fingrane i :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G14: Trio1-Stord3 0-1 (0-0)

0-1 (40 minutt)

 

Dommar: Preben Rød Heimvik

Ingen kort.

 

Trio sitt lag:

Tormod Sund Vårdal - Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars, Eirik Kjerpeseth Rusten - Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie, Brynjar H. Gjerding - Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Martin H. Arnesen - Jonas Teigen, Espen Aakre Sjo, Anders Solheim Dyrhaug, Mads Jørgensen.

 

Bytter:

25 min: Jonas/Espen/Anders/Mads for Eirik/Mathias/Samson/Simen.

52 min: Eirik/Mathias/Samson/Simen for Gaute/Anders/Martin/Brynjar.

63 min: Anders for Mathias.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart