Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Uavgjort på ny bane

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Eikelandsfjorden-Trio/Halsnøy1 1-1. Med ein 1.omgang godt under pari og ein 2.omgang der me heva oss betraktelig, var vel 1-1 eit greit resultat.
 

Eikelandsfjorden kunne skilta med ein flunkande ny kunstgrasbane i Eikelandsosen på mandag. Den var ferdig laurdag og ein kunne endo kjenna eimen av dugnadsånda i lufta. Flott anlegg i nær tilknytting til grasbanen. Eikelandsfjorden 1 borte er faktisk den kortaste bortekampen for G16-1. 6 timar reisetid totalt er som lokalkamp å rekna :-)

 

Dei fyrste 10 minuttane hadde me bra trøkk og veldig god kontroll på kampen. Ein spelte klokt og hadde ballen i laget og inne på motstander sin halvdel store deler av tida. Mangla litt på siste 1/4 til at me fekk dei heilt store sjansane, men opninga gav håp om ein god kveld frå vår side. Men 15 minutt ut i kampen er me noko uheldig i bakre rekker og gir den gode angriparen til Eikelandsfjorden ein gratissjanse. Han lar seg ikkje be 2 ganger og runda Magnus, før han kontrollert satte ballen i mål, 1-0 :-( 

 
Klikk på bilete for full storleik
God 2.omgang av Niko.

Mål pregar kamper heiter det, og det var iallefall tilfellet her. For resten av omgangen speler me regelrett dårlig. Eikelandsfjorden slår veldig mykje langt i bakrom, frå eige forsvar, og me såg ut til å ville kopiere dette ein periode. Ein haug med balltap var resultatet. Dette er ikkje slik me vil spela fotball gutar. Greit å slå langt når muligheten byr seg, men ikkje bare på måfå. Eikelandsfjorden kom til fleire gode sjansar og hadde da ikkje vore for ein opplagt Magnus i mål, så kunne da sitt stygt ut til pause. I andre enden var eit par frispark da næraste me kom scoring. Årsverste 30 minutt.

 

Gutane fekk beskjed om å heva seg fleire hakk i 2.omgang. Motstander var langt frå så gode som me gjorde dei i 1.omg. Meir guts, bevegelse og ikkje minst betre pasningskvalitet måtte til. Heldigvis har laget ein god evne til sjølvransakelse og å heva seg. Me la om til 4-3-3 og flytta Niko opp frå back til høgre kant, med beskjed om å utfordra bakrommet med farten sin. På motsatt kant har me eit anna hurtigtog i Ruben. Får ein til å bruka slik hurtighet på rett måte, med bevegelse i forkant, så blir ein farleg for alle forsvar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Godt innhopp av Marcus på back.

2.omgang var vel ikkje meir enn 1 minutt gamal før Ruben kjem på gjennomløp, rundar keeper, men uheldigvis set ballen i stolpen. Den gode opninga var uansett ei vitamininsprøyting for laget og ein hadde eit heilt anna trøkk utover kampen. Fortsatt litt smårusk i pasningsspelet, men ein jobba inn igjen og satte i gang på ny. Niko var marginalt offside og fekk eit mål annulert og Marius heada eit frispark like utanfor. Eikelandsfjorden var i store periodar ikkje over midten. Dei slo langt i bakrom, men Magnus har sjøna betydninga av å sweepe bak forsvaret og tok seg av dei ballane som kom.

 

For å få endo meir spelera oppe i banen legg me om til 3-3-4 10 minutt før slutt, med Vebjørn som makker til Marius på topp. Like etterpå slår Patrick ein ball opp til Marius, som får tatt ned ballen på 16-meteren. Han vender bort ein forsvarar og set ballen i mål, 1-1! Heilt fortent gutar!

 

Begge lag får eit par halvsjanser på slutten, men kampen endar med poengdeling. Heilt greit når ser kampen under eit.

Håpar ein ser kva som ikkje fungerer og kva som fungerer i ein kamp. Viktig å kunne variere angrepsspelet mellom å slå ball i bakrom når da er rom og løp, men og kunne halde ballen i laget og bygge opp roleg når motstander er etablert. Uansett så er innsats, pasningskvalitet og bevegelse felles nemnar (den som står under brøkstreken.......)

 

Heimekamp mot Gneist 1 på Halsnøy kunstgras, laurdag kl 13. Dette er fyrste av 2 storkampar på laurdag. Går ein seinare på kvelden i Manchester :-)

 

Laget:

Magnus

Vebjørn H. -  Vegar - Tobias - Niko

Håvard  - Patrick - Henning - Ruben

Marius  - Simen

Jonas inn for Håvard etter 30 min, Marcus inn for Marius etter 40 min, Marius inn for Simen etter 68min og Håvard inn for Ruben etter 72 min.

 

Mål:

1-0 (15)

1-1 (75) Marius (Patrick)

 

- Verner og Bjarte - 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart