Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Festfotball i ein omgong av jentelaget

Klikk på bilete for full storleik
 
J16: Trio-Djerv 1919 13-1. Jentelaget var i aksjon i 7arkamp nr 3 for sesongen torsdag kveld då Djerv 1919 var på besøk. I fantastisk spelever leverte jentene ein svært dårlig og ein omgong med festfotball og til slutt stod det heile 13-1 i målprotokollen til Thore Lillesand på tribunen.
 

Vi var enige om at vi hadde svært god tid med 2x40min i ein 7arkamp og skulle vera tolmodige i spelet vårt. Spele ball på fot og ny bevegelse. Gjere ting enkelt. Dette fekk vi enkelt og greit ikkje til i første omgong. Det var 40 svake minuttar, der vi kun tidvis prøvde på det vi skulle. Når vi prøvde, slurva vi med pasningspresisjon. Høgdepunktet var ein god skuddprestasjon frå Ester til 1-0 der ho pressar ned ein volley og eit fint angrep med gjennomspel til Sofie som scora sikkert til 2-0 til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ester var banens beste.

Aldri har underteikna vore så skuffa over prestasjonen i ein omgong med dette laget på 4 år. Dette fekk jentene klar beskjed om i pausen. Meldinga var at om vi fulgte «game-plan» som vi var enige om, kunne vi fort score 10 mål på ein omgong – heimover mot vårt trufaste publikum på tribunen. Jentene lytta til rådet, gjennomførte i stor stil og stoppa på 11 mål i sluttomgongen. Rett nok var motstanden skrøpelig med lite struktur og løpsvilje, men vi kan kun konsentrera oss om det vi kan gjera noke med sjølv – og prøve få til det vi øver på og er blitt enige om.

 

Det gode kombinasjonsspelet smitta gradvis over på spelar etter spelar og til slutt var det klikk-klakk i kvart angrep der alle såg at det nytta å la ballen gå på 2 touch. Kjekt å sjå og etterkvart blei avslutningane meir kliniske og måla kom tettare. Og trenaren på sidelinja blei blidare og blidare.

 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Vilde.

Mari O. Furdal spelte sin første kamp i Triodrakten i haust og skal vera med oss minimum i 11arkampane som gjenstår. Ein sårt tiltrengt forsterkning. Vi hadde god hjelp av J13 i dag og. Ida Eikeland Stensletten har trent med oss eit par veker og har vore eit friskt pust. Ho debuterte med bravur og spelte både midtbane og forsvar. Ida klarte seg veldig bra med god fysikk og aggresivitet og enkle pasningsvalg. Hedda vokta målet i Lea sitt fravær og Sofie fornekta seg som vanlig ikkje den tida ho får på banen i J16-drakt. 4 mål i dag og då brant ho kanskje den største sjansen av dei ho fekk. Ellers må Ester og Vilde berømmast. Dei blei bedre og bedre utover kampen og stod for hhv 4 og 3 mål. Ester var i tillegg ballsentral og regissør i mange av angrepa.

 

Om ei veke er det storkamp på Bømlo, då skal vi prøva oss mot eit tøft lag frå Bremnes og forsøke revansjera eit surt 0-1 tap frå i vår. Om to veker spelar laget sin siste 11arkamp på Husnes når Odda kjem på besøk. Med andre ord oppgjer mot dei 2 andre laga i tabelltoppen neste 2 kampane.

Kampfakta, Kvednabekkjen

G16: Trio–Djerv 1919 13-1 (2-0)

Mål: Sofie 4, Ester 4, Vilde 3, Mari 1, Henriette 1.

Tilskodarar: Godt oppmøte og god stemning etter kvart som spelet tok seg opp og måla rant inn.

Dommar: Isaac Jørgensen, god dømming.

 

Trio sitt lag:

Hedda S. Tangstad, Mariel M. Madsgård, , Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, Mari O. Furdal, Ester Djuvstad, Vilde Teigen, Sofie Lillesand, Jannike Røssland, Henriette Skarveland, Ida Eikeland Stensletten.

 

- Jan Olav & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart